- Ein må tørre å satse for å ha levande bygder

Etter nesten fire år med planlegging, mykje papirarbeid og store investeringar kan endeleg grunneigar Ingebrigt Garthe i Bøfjorden starte prosessen med å selje hyttetomtene i Steinholmlia hyttefelt som ligg langsmed Åsskardfjorden.

Ingebrigt Garthe viser tomt.  Foto: Edvin Sættem Nessæther

Nyheter

Steinholmlia hyttefelt vart danna og stod ferdig regulert på slutten av 1960-talet i eit samarbeide mellom bedrifta ÅSI-Tre og far til Ingebrigt, Fredrik Garthe. I starten av 1970-talet vart det seld hyttetomter i hopetal langsmed den vakre fjorden.