Premiere i august neste år

- Vi er godt i rute med spelet om Mardøla

Førsteutkastet til manus var klart sist helg. Snart startar jakta på skodespelarar som vil vere med på framføringa av "Spelet om Mardøla."

I Eikesdsal: Produsent Marit Engelsjord Negård, regissør Nils Mulvik, komponist Lars Ramsøy-Halle og scenograf Carsten Andersen. Foto privat. 

Nyheter

MMardøla-entusiastar i både inn og utland har all grunn til å sjå fram til datoen 12. august neste år. Da skal dramatiseringa av dei konfliktfylte dagane i Sandgrovbotn i 1970 framførast på ei utescene i Mardalen. Dette med utsikt rett mot fossen som er utgangspunkt for forestillinga.