Hilde er med i «Jakten på Kjærligheten» på TV2:

- Eg har vore langt utanfor komfortsona mi

Hilde Haltbakk Reiten (48) slengde seg med på «Jakten på Kjærligheten» på TV2 etter å ha sendt inn friarbrevet sitt kun dagar før fristen gjekk ut. No er ho ei av dei fire friarane som er invitert med heim på garden til bonden Ole-Johan Dyste.

Hilde Haltbakk Reiten og bonden Ole-Johan Dyste i eit pressebilete frå «Jakten på Kjærligheten»   Foto: Foto: Espen Solli/TV 2

Nyheter

Driva tok turen heim til Hilde på Halsa i Heim kommune for å få eit innblikk i korleis det er å være med på dette litt spesielle konseptet. Heimen hennar ligg vakkert til med utsikt utover Halsafjorden og ferjene som duppar att og fram etter tur. Og trygt plassert i sofaen med ein kopp kaffi og eit deilig nybaka stykke med gulrotkake er vi klare til å få eit innblikk i Jakten-eventyret til Hilde.