Meir pengar til Driva-vassdraget

Regjeringa styrkar satsinga på å verne og restaurere natur, og vil legge betre til rette for friluftsliv. Løyvinga til natur aukar med 49 millionar kroner i statsbudsjettet.

Äukar budsjettet for å fjerne gyroen i Driva.  Foto: Ingrid Ellevset

Nyheter

- Tap av natur er den viktigaste miljøutfordringa i tillegg til klimaendringane. Regjeringa vil betre kunnskapen om artar og økosystem, auke skogvernet og satse meir på å restaurere natur. Vi vil også styrke friluftslivet gjennom sikring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.

Regjeringa foreslår å løyve 435,7 millionar kroner til skogvern. Det er om lag same nivå som i fjor. Regjeringa har på åtte år løyvd nær 3,3 milliardar kroner til skogvern, meir enn dobbelt så mykje som under førre regjering. I alt er det sidan 2013 blitt verna 656 skogområde med 1126 kvadratkilometer produktiv skog.

Tiåret fram til 2030 er FNs tiår for naturrestaurering. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til å restaurere natur med 4 millionar kroner. Pengane skal brukast til å restaurere naturtypar som i liten grad er restaurert før, til dømes sanddyner og open kalkmark. Restaurering av myr og anna våtmark samt område som er prioritert i vassforvaltningsplanane vil halde fram på same nivå, med til saman 40 millionar kroner.

Vidare blir det foreslått å auke løyvinga til å følgje opp ny tiltaksplan for pollinerande insekt med 1 million kroner.

Regjeringa foreslår å løyve 10 millionar kroner til å forbetre miljøet i Oslofjorden. Pengane skal gå til å redusere forureining, styrke naturmangfaldet, legge til rette for friluftsliv og opprette eit nytt informasjonssenter. Det er også sett av 1,2 millionar kroner til autorisasjon av eit nytt besøkssenter for skogvern. Aktørar knytt til Trillemarka-Rollagsfjell og andre skogvernområde kan søke.

Kommunane har ei særleg viktig rolle i arealplanlegginga i Noreg, og regjeringa foreslår å styrkje tilskotsordninga der kommunar kan søke om pengar til å lage kommunedelplanar for natur med 2 millionar kroner. Med dette kjem vi opp i eit løyvingsnivå på 3 millionar kroner.

Regjeringa vil òg prioritere å ta vare på vill laksefisk, og foreslår å løyve 15,3 millionar kroner til tiltak mot pukkellaks i 2022. I tillegg blir det foreslått å auke budsjettet med 9 millionar kroner til ein storstilt aksjon for å fjerne lakseparasitten Gyrodactylus salaris frå Driva-vassdraget.

Regjeringa foreslår også å sette av inntil 4 millionar kroner til Tanavassdragets fiskeforvaltning, som kan utbetalast dersom det ikkje blir opna for fiske etter laks i Tanavassdraget i 2022.

Samla løyving til friluftsliv over Klima- og miljødepartementets budsjett er i 2022 foreslått til 243,8 millionar kroner. Dette er 4,6 millionar kroner meir enn i 2021.

Auken inneber mellom anna meir pengar til Nasjonale turiststiar som får ei ramme på 12,7 millionar kroner, 300.000 meir enn i fjor. Ordninga vil bli vidareutvikla for å betre tryggleiken og ta vare på opplevings- og naturverdiane.

Tilskot til utvikling av grøntområde i Oslo blir vidareført. Pengane til sikring av viktige friluftslivsområde får ei ramme på 30,9 millionar kroner, ein auke på 700.000 kroner frå 2021. Løyvinga til opparbeiding og tilrettelegging av dei sikra friluftslivsområda får ei ramme på 32,6 millionar kroner, ein auke på 1,6 millionar kroner. Løyvinga til Miljødirektoratets ferdselsåreprosjekt blir vidareført med ei ramme på 6 millionar kroner.