Fekk hederspris: - Eg feira med kaffe og bløtkake

Ingvar Stenberg frå Kvanne har fått utmerkinga Æresmedlem i Norsk Ornitologisk Forening Møre og Romsdal etter foreninga sitt styremøte på Tingvoll Fjordhotell.

Ingvar Stenberg: Feira utmerkinga med kaffe og bløtkake. 

Nyheter

Stenberg har gjennom fleire tiår bidrege med sin enorme fuglekunnskap både lokalt og nasjonalt. Som leiar i Ornitologiske Undersøkelsar (OUM) i Møre og Romsdal sidan 1993, har han vore med på å utarbeide fleire titalls rapportar. Desse rapportane gjev viktige data om fuglelivet i fylket. Og no har altså Stenberg fått sin velfortente honnør for det viktige arbeidet han har lagt ned for fuglane i fylket vårt i nesten 30 år.