Bli med til Meditasjonssenteret i Valsøyfjord

- Mange i dag har det travelt og kvardagen er full av stress

Finn Owe Berg og kona hans Yuphin Sonsena driv eit Meditasjonssenter i Valsøyfjord. Her kan folk kome til garden deira og trene på meditasjon saman med Buddha-munkene som bur der. Driva har besøkt Meditasjonssenteret "The Way of Life", som stod ferdig i 2018, og som sidan da har teke imot besøkjande som vil trene på å mediterer i fredelege omgjevnader.

Finn Owe Berg og kona hans Yuphin Sonsena driv Meditasjonssenter i Valsøyfjord 

Nyheter

Eg køyrer innover mot vakre Valsøyfjorden og svingar av eit lite stykke etter Snekvikbua, som Bunnprisbutikken på Enge blir kalla, og køyrer oppover Hjeldnesvegen. Der oppe på toppen ligg garden og meditasjonssenteret til Finn Owe Berg og kona hans Yuphin. På veg ut av bilen tenkjer eg med meg sjølv at berre utsikten her oppe er balsam for sjela.