Bli med til juletregarden:

- Det er ingen kunstige stoff som kan konkurrera med dufta frå naturtre

Arne Ove Straumsvåg planta dei første granplantene i 1997 og har sidan da heldt på med juletreproduksjon i Settemsdalen.

Juletregarden: - Både størrelsen på bruket og jobben min gjorde det uaktuelt med tradisjonelt husdyrbruk, og da fann eg ut at eg måtte prøva med juletre, seier Arne Ove Straumsvåg.  Foto: Lars Magne Bæverfjord

Nyheter

Arne Ove fortel at han planta dei første granplantene i 1997 etter at tankane om juletreproduksjon hadde svirra rundt i hovudet hans i ganske mange år. Året før hadde han teke over garden i Settemsdalen etter å ha vore i tenkeboksen 3-4 år.