Senterungdommen:

Nye oppgåver for Dordi

Dordi Boksasp Lerum frå Tingvoll vart vald inn i sentralstyret til ungdomspartiet.

Alle nordmøringane, fv.: Ingeborg Eirin Herskedal (Eide), Vegard Skjølberg (Kristiansund), Thea Bugge Sandnes (Sunndal), Tobias Eidsvaag (Kristiansund), Hege Einset (Tingvoll), Sondre Ormset (Surnadal), Dordi Boksasp Lerum (Tingvoll), Trym Enaasen (Kristiansund) og Ingrid Waagen (Tingvoll).  Foto: Gabriel Yttri

Nyheter

I helga var om lag 200 senterungdommar samla til Senterungdommen sitt 72. Landsmøte på Gardermoen. Av dei var rekordmange 17 stykk frå Møre og Romsdal, der ni var nordmøringar.

Dordi Boksasp Lerum seier at det i løpet av helga vart vedteke mykje ny politikk, blant anna ei fråsegn med namn “Fleksible åpningstider i dagligvarekjedene med ny teknologi”, som vart sendt inn frå dei i Møre og Romsdal.

Dordi Boksasp Lerum: På landsmøtet sin talarstol med ny ulvepels. - Eg håpar på at vi får skote så mange gauper på Nordmøre at vi kan lage fleire liknande kåper med nordmørsgaupepels, seier ho.  Foto: Gabriel Yttri

- Viktig med nære tjenester

- Den handlar om at vi ynskjer at fleire skal få tilgong til tenester nært seg, og her er altså eit viktig tiltak for at fleire skal få behalde nærbutikken sin. Dersom vi har døgnopne og sjølvbetjente butikkar, kan ein ta vare på butikkane der det elles ikkje er kommersielt grunnlag for å drive ein butikk.

Ho forteI vidare at det berre i Surnadal allereie er tre Merkur-butikkar; Todalen, Bøfjorden og i Bæverfjord.

- Og om vi no satsar meir på dette distriktspositive tiltaket kan vi på sikt kanskje få til endå ein Merkur-butikk på Kvanne, der butikken vart nedlagt for nokre år sidan, avsluttar det nyvalde medlemmet i sentralstyret til ungdomspartiet.

Merkur-programmet, som er Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt verktøy for å utvikle butikker i utkantstrøk, begynte i 2019 med et pilotprosjekt kalt «Fleksible åpningstider med ny teknologi». Prosjektet går ut på at åtte dagligvarebutikker i distriktet, skulle bli utstyrt med selvbetjeningskasse og være åpent 24 timer i døgnet, 365 dager i året. Visst du handler utenom ordinært betjent arbeidstid, så ville du kunne låse deg inn i butikken ved hjelp av en app eller et bankkort. Erfaringene fra pilotprosjektet viser til at selvbetjening og døgnåpen butikk har gjort butikkene i distriktene mer attraktive for kundene. Butikkene har fått en kraftig vekst i omsetningen og både kjøpmann og kunder er fornøyde. Samtidig har dette sørget for at kjøpmennene får frigjort tid fra å betjene kassen til å utvikle butikken på andre måter. Resultatet peker også på at denne teknologien kan bli spesielt viktig for å beholde og utvikle butikkene i distriktet.

Heile landsmøtedelegasjonen frå Møre og Romsdal, f.v: Vegard Skjølberg, Siril Bratten, Markus Farstad Andersen, Hege Einset, Jakob Hanset Willa, Thea Bugge Sandnes, Georg Lillevik, Ingrid Waagen, Sondre Ormset, Dordi Boksasp Lerum, Trond Fredrik Hoddevik, Ida Aarskog, Tobias Eidsvaag, Ingeborg Eirin Herskedal, Sevrin Dahle Sæterøy, Oddvar Gunnerød og Trym Enaasen.  Foto: Marit Sletten