Julemarknad i Bøfjorden:

Magisk stemning i Gammelskulegata

Julemarknaden i Gammelskulegata i Bøfjorden skapte magisk julestemning for alle dei som tok turen innom laurdag ettermiddag. Det var snø, det var kuldegrader (litt for mange etter mange sin smak), mykje folk, latter og smil og koseleg atmosfære. Det var rett og slett alle dei ingrediensane ein treng for å kjenne på julestemninga.
Nyheter

Det var trongt om plassen for å finne seg ein parkeringsplass, allereie ved opninga av julemarknaden i Gammelskulegata i Bøfjorden, for folk strømma på frå alle kantar. Det var mange som ville kose seg med gløgg, kaffe, sveler, kürtőskalács og kanskje handle ein julegåve eller to av dei fine produkta som torgdamene hadde med seg til julemarknaden.