Nye smittetilfeller i Surnadal og Sunndal: - Eit visst smittetrykk i vår kommune no

Tre nye bekrefta smittetilfelle i Surnadal - og en ny i Sunndal. Kommuneoverlegen i Surnadal melder også om to uavklarte positive hurtigtestar

- Det er eit visst smittetrykk i Surnadal kommune for tida, melder kommuneoverlege Bjørn Buan. 

Nyheter

Dei tre som har fått bekrefta smitte ved PCR-test er barn i same husstand som dei to vaksne som fekk påvist smitte i går, søndag. Dei har alle vore i ventekarantene sist veke og det er ingen risiko for vidare smitte. Desse er i isolat med restan av familien ut veka, skriv Surnadal kommune i ei melding til pressa.