Vaagland Båtbyggeri:

- Å drive skipsverft i Noreg med dagens rammevilkår er ikkje enkelt

Vaagland Båtbyggeri er ein stor og viktig arbeidsplass som fortrinnsvis har vore eit nybyggingsverft, men som no også satsar meir på reparasjonar, klassingar og ombyggingar.

Kjekt å ha tak over hovudet i kulda: Fiskebåten Segla er inne for bytte av motor og for å få eit nytt strøk med måling.  Foto: Edvin Sættem Nessæther

Nyheter

Vaagland Båtbyggeri vart grunnlagd i 1927 og det starta som ei handverksbedrift, og den dag i dag betyr begrepet "Vaagland-båter" fortsatt det same. I dag har bedrifta eit nytt og tidsmessig anlegg med effektivt utstyr og avansert teknologi. Driva har teke ein prat med Gunnar Nordbø som er dagleg leiar ved bedrifta for å høyre korleis ståa er i dag.