Skal sykle VM: – Håpar å kjempe om pallplass

Håvard Gjeldnes frå Surnadal var blant dei sju namna som vart lest opp då Norges Cykleforbund (NCF) denne veka offentleggjorde troppen til VM i E-sykling i februar.

TIL VM: Håvard Gjeldnes frå Kvanne i Surnadal vart tidlegare i år den første nordmannen som vann eit ritt på det høgste, internasjonale nivået innan e-sykling. No er han utteken til VM.  Foto: Privat

Nyheter

26. februar er det berre å følgje med på plattforma Zwift, som i tillegg til å vere ein treningsapp for mellom anna sykling, er arena for prestisjetunge konkurransar innan den stadig meir populære sporten E-sykling.