Med lidenskap for fotografering

Therese Røen er ei dame på 28 år, som opprinneleg kjem frå Kvanne, men som no bur i Betna saman med sambuaren sin og dei tre barna deira. No har ho starta opp sitt eige føretak for å leve ut draumen sin og lidenskapen for fotografering.

Røen Foto: Therese Røen lever ut draumen som fotograf og har starta opp føretaket Røen Foto.  Foto: Therese Røen

Nyheter

Therese Røen fortel at ho er ei aktiv dame som likar å ferdast frå fjord til fjell, både med og utan barn, på eller utan ski - men alltid med eit kamera med.