Store nedbørsmengder:

Elva Bøvra skapar problem

Elva Bøvra i Bæverfjord er brutal stor og dette fører til overvatn og flom i området rundt. Sjå bileta her!
Nyheter

Ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter er parkeringsplassen full av vatn, men også i området rundt oppvekstsenteret er det mykje vatn. Orsaka er at elva Bøvra som ligg like ved, fører med seg enorme mengder vatn og har gått over bredda si nokre plassar. Som resultat av dette vart altså både skulen og barnehagen stengt ut dagen torsdag. Kva som skjer vidare på fredag blir bestemt av beredskapsgruppa i kommunen i løpet av torsdagen.