Mykje dramatikk rundt kyrkjehistoria:

Bjørnstjerne Bjørnson kalla nykyrkja i Eidsvåg for «en bløtkakekirke»

Romsdal sogelag kom før jul ut med eit imponerande bokverk om kyrkjene og prestegjeld i Romsdal. Mellom permane i den 400 sider innhaldsrike boka har forfattar Max Ingar Mørk omtala 60 kyrkjebygg med eit utdrag av historia deira.

Nesset kyrkje: Bjørnstjerne Bjørnsom var ikkje begeistra for utsjånaden til Nesset kyrkje da den sto ferdig i 1878. Slik ser kyrkja ut i dag. Foto: Sigurd Mjelve 

Nyheter

Mange av dagens kyrkjer vart bygde på slutten av 1800-talet. Nesset kyrkje i Eidsvåg sto ferdig i 1878. Dette etter ein langvarig strid om plasseringa.