Kommuneoverlegen samanfattar dei nye koronatiltaka

Endring i nasjonale tiltak og ny TISK-strategi.

  Foto: Geir Forbregd

Nyheter

Kommuneoverlege Bjørn Buan publiserer på Surnadal kommune sine nettsider sine tankar rundt dei nye koronatiltaka regjeringa har innført og dei kommunale konsekvensane av dei.

– Vi står i ein ny situasjon i pandemien når regjeringa ikkje vurderer det som mogleg eller samfunnsnyttig å stanse ei kommande stor smittebølge. Karantenetiltak for nærkontaktar er erstatta med sjølvtesting. Testing skal gi oss meir fridom og hjelpe oss til å avgrense smittespreiing, slik at ikkje for mange blir sjuke på ein gong og vi kan halde hjula i gong, seier Buan.

Han fortsett:

– I tillegg gjeld dei vanlege smittevernråda som å halde seg heime dersom ein er sjuk og teste seg ved nyoppståtte symptom. Enkelte kontaktreduserande tiltak er også vidareførte, som munnbind, ein-meter i det offentlege rom og visse antalsbegrensningar.

Regjeringa har teke omsyn til barn og unge i den vidare fordelinga av tiltaksbyrda i samfunnet. Dei fleste unge og friske har lite å frykte i møte med omikronvarianten, medan personar med svekka immunforsvar og eldre er framleis er sårbare med høgt smittetrykk kring seg. Tiltaksnivået vi omgir oss med har difor også eit solidaritetselement i seg.

Status for oppvekstsektoren

I tråd med nasjonale anbefalingar har kommunen gjort ei lokal heilskapsvurdering som skal sikre barn og unge stabile føresetnader i kvardagen. Vi står ovanfor ei kommande smittebølge kor det blir avgjerande at vi greier å unngå toppane og levere gode tilbod tilbarn og unge.

  • Vi vidarefører gult beredskapsnivå i barnehagar og grunnskular og Vaksenopplæring.
  • Surnadal vidaregåande skule går over til grønt beredskapsnivå med innslag av gult.
  • I tråd med den nasjonale TISK-strategien blir det gjennomført hurtigtesting av barn og skuleelevar kvar veke. Ved endring i smittesituasjonen vil det bli hyppigare testfrekvens.
  • Prøvetaking av barn gir nyttig kartlegging for å avdekke utbrot, men det er frivillig og barna skal ikkje utsettast for liding. Folkehelseinstituttet anbefaler at prøvetaking på barn kan skje frå ytre nesegang og/eller munnhole eller svelg.

Omikronbølgen kjem også hit. Det gledelege er at vi har skyhøg vaksineringsgrad i befolkninga slik at mange er godt beskytta mot alvorleg sjukdom.

I tida framover vil kommunen vurdere beredskapen kontinuerleg for å sikre lovpålagde tenester og ein mest mogleg normal kvardag for innbyggarane. Det kan bli ein krevjande balansekunst.

For full oversikt over nasjonale tiltak og anbefalingar, viser vi til regjeringen.no.