Søndag samla Bondehuset Bokcafé eit stort publikum da Stangvik historielag med stor stoltheit kunne presentere si nye bok ”Søyådalen – utmarkshistorie frå Eidet” som eit ledd i Vårsøghelga. Det var leiar i historielaget Einar Grønnes som introduserte dei tre forfattarane – Lars Steinar Ansnes, Torbjørn Polden og Erling Myrbostad, og han opna med å takke dei for jobben med ei påskjønning før han slapp til forfattarane med sin presentasjon.

Lars Steinar fortalte om tankane omkring prosjektet  – som han kalla ein mellomstasjon på ei reise frå 2007, da dei starta på boka om Kvenndalen.  - Vi vart snart usikre på kva hadde gitt oss ut på,  med tanke på kjeldeomfang og bildemateriell som fantes, og tanken om eit ”skrift” voks seg snart større og vart til ei bok. Boka om Kvenndalen kom til jul i 2010 – med 200 sider med historisk materiale om Kvenndalen.  Så vart det pause i 2011 – men mange gode tilbakemeldingar og gjorde at vi drista oss til ei nytt prosjekt som starta i 2012 – boka om Søyådalen.  Men også dette prosjektet voks i omfang, og vart etter kvart til ”Søyådalen - Utmarkshistoria frå Eidet” med ein enorm tilgang på informasjon og bilde. Etter 3 års arbeid er vi endeleg i mål, og sjølve er vi også godt nøgd med resultatet.

Ansnes var raus med rosen til bygdefolket og andre som har ytt bidrag til arbeidet – over 100 personar har bidrege med munnleg informasjon – 60-70 personar har bidrege med bildemateriell og mange med skriftlege kjelder som gamle utskiftingskart og andre dokument. Utan det store engasjementet i bygda hadde ikkje boka blitt det den til slutt vart. Økonomiske bidrag har også vore nødvendig  – her har Surnadal kommune, Gjensidige og Surnadal sparebank vore til god hjelp.

Han lovprisa også det gode kameratskapet dei tre har hatt i arbeidet med boka.  – Vi er eigentleg tre ulike karar, men vi har utfylt kvarande veldig godt, og aldri hatt nokon konfliktar eller kranglar. Dei to bokprosjekta har gjort noko med oss.  – Vi har fått ein enda sterkare identitet, og gløymer nok aldri kvar vi kjem frå. Og no skjønnar vi kvifor bygda er slik som ho er!

Torbjørn Polden presenterte innhaldet i boka på sin måte – i form av eit dikt skrevet på rim, og som han sjølv hadde skrevet. Det var artig innslag, og han hausta stor applaus frå publikum for diktet.

Vidare var det musikalsk innslag  med trubaduren Karstein Mauset. Kanskje ikkje eit heilt tilfeldig val, etter som han nok har litt Søyådals-genar i seg - som har både mor og bestemor som har vore setertauser på Mellingsetra i Søyådalen. Han song to viser – ”Elva” med Hyldbakk-tekst og ”Eg trur eg vil døy ei vårnatt” som har tekst av Jørgen Gravvold. Begge desse visene blir å finne på ny Perikoms nye LP som kjem til hausten.

Tredje forfattar i elden var Erling Myrbostad, som  viste lysbilde og fortalte om prosessen med produksjonen av boka. Det er eit enormt arbeid som er lagt ned med samling av bilde, stadnamn og andre kjelder i form av gamle kart og dokument. Dei fleste av stadnamna er godt dokumentert med GPS-posisjonar og han ga til kjenne at det har vore mange turar og mykje glede i samband med arbeidet. - Godt kjent i området er vi også blitt, og det har etter kvart vorte mykje kvernhus, slåttemarker, setrer, fangstanlegg, jakt og fiskehistorier, skogsdrift, beiting og mykje meir.  Alt dette er systematisk registrert og finns i eit register bak i boka.

Anne Einum takka på vegne av Vårsøghelga, og tok bokstaveleg talt av seg hatten for redaktørkollegiet.  – Eg visste at dette var storslått arbeid, men ikkje at det var så storslått, sa ho.

På spørsmål om dei har fleire bokprosjekt på gang, smilte dei tre forfattarane og svara nærast i kor at først skal vi i allfall ha ein pause – og skryte av dei bøkene vi har laga i eit år! Etterpå var det premiere for salet av boka, og det vart straks ein lang kø – onsdag er boka klar for sal i butikkane.