-Det er klart folk vert litt utrolige når moskus kjem så nære campingplassen, seier rovviltkontakt Erik Mæhle.

Den nærgåande moskuskua møtte sin skjebne i ettermiddag.

-Fellingstillatelsen vart utstedt i formiddag. Moskusane er ikkje sky dyr, og dei er ganske rolige, så fellinga gjekk kurrant. Det kan sjå ut som om ho var på vei mot campingen då ho vart skote, seier Mæhle.

Moskuskua har vorte observert i nærleiken av campingplassen fleire gonger. Ho var, etter alt å døme, aleine. Naturoppsynet frå Oppdal sto for fellinga.

Historia er ikkje heilt slutt for moskuskua enno.

-Nei, moskusen vart teke med til slakteriet på Rennebu. Der endar ho nok opp som luksusmiddag på ein fin plass, tenkjer eg, seier Mæhle.