Invandrarar får nynorsk

Lærebøker på veg.
Nyheter

1. juni kom utgreiinga «Mangfold og mestring» frå Kunnskapsdepartementet.

Utvalet bak utgreiinga konkluderer med at vi må ta i bruk meir nynorsk og lokal dialekt i opplæringa, og at dette ikkje er mogleg før læremidla blir tilgjengelege på nynorsk.

Dette er i tråd med tidlegare meldingar frå Kommunal- og regionaldepartementet, som ønskjer å styrkje integreringa i distrikta.

- Eg er glad for at Kunnskapsdepartementet har innsett at nynorske læremiddel er naudsynte for vellukka språkopplæring i nynorskområde. Når innvandrarar som bur i eit lokalsamfunn som brukar nynorsk, lærer bokmål på skulen, forsterkar dette det språklege skiljet mellom innvandrarane og resten av befolkninga på staden, seier Janne Nygård, påtroppande leiar i Norsk Målungdom.

I dag finst det berre éi lærebok på nynorsk for minoritetsspråklege, og i mange nynorskkommunar blir norskopplæringa gitt på bokmål.

- Integrering handlar om å vere ein del av lokalsamfunnet. Då må innvandrarar mellom anna vere i stand til å hjelpe borna sine med leksene, seier Nygård. Vi er heilt avhengige av at språkopplæring og integrering må gå hand i hand.