Storarta korslag

To hundre korsangarar skapte ein kulturkveld nærast utan like i Surnadal idrettshall laurdag.
Nyheter

Surnadal sparebank sitt korslag var ei kraftfull mobilisering av engasjement og songglede, noko publikum også ville ha med seg. Da dørene vart opna i fire-tida, snirkla køa seg langt nedover mot ungdomsskulen.

Sjølve slaget fekk tre prisvinnarar: publikum likte Åsskardkoret best, koristane sjølve stemte fram Bøgdeungdommen og juryen plukka ut Feltkoret.

Kåringane kjem likevel i andre rekke - det var breidda som imponerte mest!

Meir om korslaget i Driva på måndag.