Målpris til Ole Petter Pedersen

Går føre for nynorsken

– Utruleg hyggjeleg. Dette er ikkje berre ein pris til meg, men og til dei som jobbar i avisa. Det sa tidlegare Driva-redaktør Ole Petter Pedersen da han mottok Nordmøre Mållag sin målpris for 2009.
Nyheter

Det var ein glad og stolt tidlegare Driva-redaktør som fekk tildelt Nordmøre Mållag sin målpris for 2009 under ei enkel tilstelling på kafeen Dronninga på Sunndalsøra fredag kveld. Pedersen fekk prisen for å ha gjeve nynorsken betre grobotn då han starta som redaktør i Driva i 2008.

Tilstellinga starta med eit minutt stillheit til minne om Driva-grunnleggjar Einar Sæter som nyleg har gått bort. Leiar Nils Bjørsvik i Nordmøre Mållag peika på at Sæter gav nynorsken ein ny arena då ha starta Driva.

– Vi kunne skrive lesarbrev og innlegg på nynorsk utan å få dei sensurerte. Sæter fatta poenget som målfolket hadde.

Bjørsvik viste til det omfattande arbeidet som blir lagt ned i mållaget, og trekte fram prosjektet "Nynorsk for alle" som har fronta nynorsken inn mot barnehagar, skular, avisene på Nordmøre og det kommunale byråkratspråket. Med synleg resultat.

– Vi har hatt som mål å få folk til å skrive nynorsk gjennom ein positiv dialog, sa Bjørsvik - og roste prosjektleiar Nils Ulvund for ein uvurderleg innsats.

Han takka Ole Petter Pedersen som i si redaktørtid i Driva viste leiarskap, turte å gå motstrøms og gå føre for nynorsken.

– Pedersen får prisen for at han tok nynorsken på alvor og slik skapte grunnlag for å skrive nynorsk i avisa, sa Bjørsvik.

Ole Petter Pedersen takka for prisen, og viste til at han no kjem i selskap med mange gode nynorsknamn.

– Det er viktig at lokalavisa balanserer og respektere lesarane gjennom skriftspråket. Det er naturleg med nynorsk på Nordmøre.

Tidlegare Driva-redaktør, noverande kultursjef Ole Magne Ansnes i Sunndal kommune, var og til stades under prisutdelinga. Han helsa frå kommunen og gratulerte Pedersen med målprisen. Pedersen nytta høvet til å oppfordre Sunndal kommune som ein språknøytral kommune til å bruke nynorsk i større grad enn det som blir gjort i dag.