"Nye" Vangsgutane tek form

Forfattar Sverre Årnes og teiknar Ivan Andreassen ser fram til å gje ut heilt nye historier om Vangsgutane. Det er nærare 30 år sidan sist det skjedde.
Nyheter

Til jul kjem gode gamle Vangsgutane ut i heilt ny innpakning. Halve heftet blir nyskrivne historier, ført i penna av surndalingen Sverre Årnes. Og teikningane blir like ferske, laga av teiknaren Ivan Andreassen.

- Broder Arnt Årnes, som står attom Fonna Forlag, har masa på meg i mange år om dette. Og no har eg sagt ja. Eg er ein stor tilhengar av historiene om Vangsgutane, og las serien som guttunge, smiler Sverre Årnes.

Fredag i påska er forfattar og teiknar på befaring i Todalen, for å ta bilde og sikre at rammene rundt den nye serien blir mest muleg autentisk.

- For meg er det ei ære å få vere med på dette prosjektet. Vangsgutane er ein del av den norske kulturen for meg, på linje med seriar som Nils og Blåmann og Stomperud. Eg tykkjer det er flott å få sjansen, seier Ivan Andreassen.

- Og eg ville at det var du som skulle gjere dette, kvitterer forfattar Årnes.

Plana er at det skal komme ut nye hefte årleg, signert Årnes og Andreassen. Men dette første året blir det halve nytt stoff og halve reproutgåve av gammalt Leif Halse-stoff.

- Steinar Halse, sonen til Leif Halse, har godkjent manuset mitt. Så no gjenstår det berre å få teikningane på plass, seier Årnes.

Andreassen tykkjer det er fint å ta turen til Todalen, for å sjå på bygningar, vegar, fjell og andre viktige detaljer, som helst bør stemme med det biletet folk har av bygda.

- Jens R. Nilssen som først teikna Vangsgutane, var aldri i Todalen. Han har skildra ein mykje mildare natur enn det som faktisk finst her. Her er det bratte lier og majestetiske fjell. For meg blir det viktig å modernisere serien, men på ein forsiktig måte, seier Ivan Andreassen.

Sverre Årnes har mange idear til nye eventyr for Vangsgutane. Men er samstundes oppteken av å ta vare på eigenarten til Larris og dei andre gutane.

- Eg friskar opp storyen. Men det er viktig å ta vare på personlegdomen deira. Larris, til dømes, vart etter kvart alt for snill og pedagogisk etter min smak. Eg hentar han fram att i Halse si originaltapning, som ein skikkeleg rabbagast og ramp.

- Det er viktig at Larris blir attkjent, og i den nye serien blir det ein Larris i fri dressur lesarane får møte, seier Sverre Årnes.

Les meir i Driva onsdag etter påske.