Søya-fiskar tok Surna-laks

Marvin Haugen tok årets første Surna-laks.
Nyheter

Årets aller første Surna-laks vart sett ut igjen! Ein laks på rundt 6 kilo var såvidt på land, før han vart skyssa forsiktig uti elva att på Tellesbø ein halvtime ut i årets sesong. Rett etterpå var det Marvin Haugen sin tur. Laksen tok Møresilda med fynd og klem på Kuøra ved Krangnes, og ein seig drakamp begynte - med fiskaren som vinnar. Laksen vog fine 7,8 kilo. Haugen bur eit godt slukkast frå naboelva Søya, men har pendla med suksess til Surna før, og gjentok det startnatta.

- Det er ilt å ha fisk på! Ilt og godt på ein gong; hjartet gjorde dobbeltslag fleire gonger før laksen var på land, sa ein fornøgd Søya-fiskar etter å ha landa Surna-laksen.