Kleivapris til Dordi

Om årets kleivaprisvinnar er det sagt: Ho er raus, kontroversiell, kunnskapsrik, morosam, tek gjerne plass, tåler det - og likar det!

  Foto: Rita Aarnes

Nyheter

Det var ei overraska, glad, munter og som alltid slagferdig Dordi Skuggevik Tande som vart kalla opp på scena på Kleiva for å ta imot prisen og hyllesten frå Vårsøgpublikummet.

"Ingenting for lite, ingenting for stort, ingenting for lokalt, ingenting for internasjonalt". Prisvinnaren av året er kjend for å levere reine ord for pengane, ho gjer det ofte og ho gjer det gjerne, om temaet er aldri så kontroversielt.

I grunngjevinga for pristildelinga, vart det naturleg nok gjort eit poeng av dette. Det vart understreka at det er på tide at ein så modig person får Kleivaprisen.

Dordi Skuggevik Tande har vore ein viktig bidragsytar for det lokale kultur- og musikklivet gjennom mange år både i Surnadal og Trondheim. Korsong generelt og gregoriansk song spesielt har vore blant hovudinteressene til den kunnskapsrike prisvinnaren, vart det påpeika.

Skugggevik Tande er tidlegare tildelt ærestittelen "Chevalier dans l'orde des Arts et des Lettres" (Ridder i ordenen for kunst og litteratur), av den franske kulturministeren. Denne tittelen er ein av fire franske ministrielle ordnar, og dermed ein av Frankrike sine hovedutmerkingar.

Årets Kleivaprisvinnar var den første kultursekretæren i Surnadal kommune.

I grunngjevinga frå Surnadal formannskap som plukkar kandidatar mellom dei innsende forslaga, heiter det også:

Ho bruka år av livet til; på eigen risiko, med eiga finanisering og på eige forlag, å samle stoff, skrive og gje ut "Utvandringshistorie frå Nordmøre". For dette arbeidet har ho fått personleg takk frå Kong Olav.

Dordi Skuggevik Tande nytta høvet til å takke varmt og humoristisk for prisen.

- Na satt betterde' langt inn, sa ho i kjent stil, og sikta vel til at det har gått ein del år sidan utvandringshistoria hennar kom ut.

- Men denne prisen betyr svært mykje for meg, la ho til.

Ho framheva Hans Hyldbakk si betydning for å gje oss identitet og felles historie som surndalingar og nordmøringar, gjennom både diktinga og arbeidet med bygdabøkene. Ho nemnde også at det var ein kamp for kultursekretæren som tok initiativet til at diktarhøvdingen skulle på sokkel på Skei.

- Ikkje minst var Hans sjølv motstandar av dette, han var jo surndaling han òg. Men eg er glad for at dette kom på plass, sa Dordi Skuggevik Tande.

Les meir om Kleivaprisen og anna Vårsøgprogram i Driva onsdag og på driva.no gjennom helga.