Tek avstand frå Tande-lesarbrev

Eit samla formannskap i Surnadal tek sterk avstand frå Dordi Skuggevik Tande sitt lesarbrev "Attentatet mot arbeiderpartiet". – Dette handlar om folkeskikk, seier Stig Sæter.

  Foto: Øystein Hjelle Bondhus

Nyheter

Etter eit telefonmøte i formannskapet onsdag morgon, møtte ordførar Mons Otnes, varaordførar Lars Polden og opposisjonsleiar Stig Sæter pressa. Her fortalte dei at eit samla formannskap tek sterk avstand frå Dordi Skuggevik Tande sitt lesarinnlegg "Attentatet mot Arbeiderpartiet", publisert i Driva måndag 25. juli.

– I lesarinnlegget publisert på måndag kom Tande med uttalelsar vi i formannskapet er samde om at vi tek sterk avstand frå, seier ordførar Mons Otnes, og fortsett:

– Vi ønsker å markere at vi tek avstand frå lesarbrevet, og at vi tykkjer at dette er upassande uttalelsar i ei slik stund. Landet og lokalmiljøet er i både sjokk og sorg, og difor tykkjer vi ikkje at dette passar seg.

Otnes får støtte frå Stig Sæter:

– Normalt vil ikkje politikarane reagere på eit lesarbrev i avisa, og folk skal sjølvsagt få meine det dei vil. Men det er ei grense for alt, og den grensa meiner vi det no har vorte gått langt og betydeleg over. I ein unormal situasjon går vi til det unormale steget å markere avstand på dette viset, seier han, og legg til:

– Det er skremmande å sjå at folk vil spele politisk mynt på ei sak som dette no. Dette handlar om folkeskikk.

Varaordførar Lars Polden fortel:

– Vi stiller oss bak nasjonen sin reaksjon etter tragedien, der det har vorte reagert med blomster i staden for hevn. Innhaldet i lesarbrevet er heilt imot vårt grunnsyn.

– Vi står skulder til skulder for å gå vidare på dette, og då er ikkje dette vegen å gå, seier Polden.

Dordi Skuggevik Tande mottok tidlegare i år Kleivaprisen, men formannskapet har ingen intensjonar om å trekkje tilbake denne som følgje av lesarbrevet. I staden meiner Otnes, Sæter og Polden at det får vere opp til Tande å vurdere si eiga samvittigheit med tanke på om ho ønskjer å behalde prisen.



Under følgjer lesarbrevet formannskapet reagerer på:



""Attentatet mot Arbeiderpartiet"

Dessverre har jeg i flere år ventet på at en del norske unge menn skulle gå til håndgripeligheter mot islamiseringen som ruller over Europa, slik også i vår lille befolkning, vår lille kulturkrets. Men, at det skulle manifestere seg i et så voldsomt attentat mot Arbeiderpartiet, det var veldig overraskende.

Ap har sittet med den politiske makten i Norge det meste av tiden hvor islamiseringen av Norge har fått fotfeste, og Ap har ikke forstått hvor sterkt raseriet i folkedypet har etablert seg, også i deres eget parti.

Norske media har et ansvar for å vise sammenhengene rundt attentatet mot Ap, ellers vil vi se en fortsettelse av dette, rettet direkte mot muslimer i Norge. At unge menn i vår kultur står opp mot islamiseringen, men må innse at vår kultur aldri mer blir den samme, de martres av en sorg og et sinne, og det må møtes med kunnskap og alvor. De må hjelpes til å innse at motstand mot islamiseringen av et samfunn, historisk aldri har ført frem.

Islam vinner. Islam må møtes med diskusjon på den ideologiske og filosofiske planet. Men, selv den forrige paven måtte gi opp det. Han åpnet dialog med islam allerede da han tiltrådte som pave - og han hadde mange tunge intellektuelle å sende til disse dialogmøtene. Etter en periode på 20 år gav han og Vatikanet opp.

Ap har sluppet løs islam i Norge. Derfor ble de målet for dette attentatet med så tragisk og sørgelig utgang for så mange» .

Dordi Skuggevik Tande"



Les meir i Driva på fredag