Lyttar til folket

Startar frisklivssentral.

  Foto: privat

Nyheter

Surnadal kommune skal som ein av dei fyrste kommunane i Møre og Romsdal starte opp tilbod om Frisklivssentral.

Surnadal Kommune var ein av sju kommunar som hausten 2010 fekk støtte av fylket til å etablere ein frisklivssentral i kommunen. Fylket delte ut 1 million kronar, kor Surnadal fekk 125.000 kroner.

Tilbodet opnar 15. august og er retta mot målgrupper som ønskjer og har behov for å endre vaner innanfor området fysisk aktivitet og kosthald. Tilbod i forhold til røykjeslutt håpar vi er på plass tidlig i 2012.

Under folkemøtet om Samhandlingsreformen i orkdalsregionen tidlegare i år, var frisklivssentral eit konkret førebygjande tiltak som vart nemnd.

Typiske deltakere kan ha:

* Risiko for diabetes eller diagnostisert diabetes

* Overvekt/fedme

* Inaktive

* Psykiske problem/liding

* Hjerte-/kar

* Muskel-/skjelettlidingar

* Sjukmeldte eller personar med risiko for å bli sjukmeldt.

Nedre aldersgrense er 16 år.