Leserkretsen: Talet er fem

Kor kunne ei avis som Driva få fotfeste? Det visste ingen i 1971. Pionerane satsa på fem kommunar. Sia vart det fem til. I dag er berre fem att.

Sæter ville ikkje gi seg så lett, og kom etter. Han visste ikkje at han sprang etter to framtidige redaktørar i Aura Avis og Driva!

Lars Steinar Ansnes
Nyheter

«Lesekretsen» (eller lesarkretsen) vart fort eit nøkkelord i Driva. I starten besto den av fem kommunar: Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Nesset og Oppdal. Den 24. september 1972, etter eit knapt års drift, sto tittelen «Driva i Halsa» i raudt på første side:

«Etter en rekke oppmuntringer har vi falt for fristelsen å prøve oss i den 6. kommunen, nemlig Halsa.»

Året etter vart Gjemnes tatt med i lesekretsen, sia følgde Rindal og Aure. Mot slutten av 1970-talet vart det til og med gjort eit forsøk på å knyte Lesja kommune til kretsen av Driva-lesarar.



Eit nytt avisområde

Da lesekretsen var på sitt største, dekte han altså heile ti kommunar. Sia har han krympa. Satsinga i Lesja vart kortvarig, og Oppdal fall meir og meir frå utover på 80-talet. Sia vart også Aure, Gjemnes og Tingvoll ytterkantar i Driva-distriktet.

I dag står ein derfor att med ein like stor lesekrets som ved starten for 40 år sia: fem kommunar. Men det er ikkje dei same fem. Rindal og Halsa har vorte viktige Driva-kommunar, mens Oppdal og Tingvoll er utafor kjerneområdet.

Utviklinga fortel at det var nybrottsarbeid som vart drive den gongen i 1971. Her var det å prøve seg fram.

– Eg tykkjer framleis Driva-regionen verkar litt konstruert, seier Tore Dyrnes, sjefredaktør i Tidens Krav.

– Det er langt frå Nesset til Rindal, og det blir naturleg indre spenningar i ein så vid region, både politiske og geografiske. Men Driva er ei viktig avis i ein viktig region, altså indre Nordmøre. Det vil alltid vera behov for lokalaviser som kan gå tettare på enn ei regionavis som Tidens Krav.

Etableringa av Driva i 1971 førte til skjerpa konkurranse om lesarane på indre Nordmøre. Det merka Tidens Krav godt.

– I dag er det særleg i Surnadal kommune vi merkar konkurransen; Driva har større ressursar enn oss der.



Driva blir sentrumsavis

Det har også vore gjort tilpassingar innafor det området som Driva definerte som lesekretsen. Kristen Ramsøy-Halle var redaktør frå 1991 til 1996, i det han kallar ei brytningstid.

– Da endra vi profil, frå «avisa for bygdene» til ei meir sentrumsorientert «regionavis». Målsettinga var å styrke posisjonen til avisa, både redaksjonelt og kommersielt, i dei tre kommunesentra Skei, Sunndalsøra og Eidsvåg.

– Vi jakta på dei gode fellesnemnarane som skulle samle indre Nordmøre, innan kultur, samferdsel, næringsliv og politikk. Dette skulle følgjast opp med kommentarar og leiarar; ein sterk tradisjon som skulle førast vidare i «nye Driva». Vi skulle framleis sette dagsorden og leie an i den offentlege debatten.

Sett i ettertid meiner Kristen Ramsøy-Halle at resultatet av omlegginga var blanda.

– Den storstila moderniseringsprosessen var utfordrande både for lesarane og dei tilsette i avisa. Vi lykkast slett ikkje med alt, men eg meiner framleis at ei modernisering var heilt nødvendig for å sikre avisa ein posisjon i ein svært tøff avismarknad.



Frå aviskrig til fred

– Ser du Nordmøre under eitt, er det ikkje tvil om at Driva har påverka avisbildet, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Aura Avis, Lars Steinar Ansnes.

– Det er klart at den sterke opprustinga av Aura Avis i 1971 var eit resultat av at Driva vart etablert. I Surnadal rusta Tidens Krav opp for å møte konkurransen frå Driva, og seinare Indre Nordmør.

– Samtidig har jo også Driva endra nedslagsfelt, og er i ein veldig spesiell situasjon i og med at avisa har ein sterkare posisjon i andre kommunar enn i utgivarkommunen Sunndal. I Sunndal utfyller Aura Avis og Driva kvarandre i langt større grad enn før. Vi er superlokale, mens Driva er regionavis. Det trur eg alle er tent med, både lesarane og avisene.

Lars Steinar Ansnes har konkurrert lenge med Driva. Han var gründer og redaktør ved oppstarten av Indre Nordmør i 1979, ei etablering Aura Avis investerte i. Indre Nordmør kom ut tre gonger i veka dei første tre åra. Sia vart ho vekeavis, for så å gå inn i 1991.

«Aviskrig» vart eit fast uttrykk om tilstanden på Nordmøre, og særleg Kristiansund, frå midten av 1980-talet. Dagbladet investerte stort i Nordmørsposten gjennom Vest Avis Holding, der også Driva var med. A-pressa svara med å sprøyte pengar inn i Tidens Krav.

– No har det gått seg til på Nordmøre. Alle avisene har funne sin plass. Tida da vi flaug i strupen på kvarandre ved den minste anledning er for lengst over. Eg har aldri opplevd ein periode der det har vore så roleg og fordrageleg mellom avisene, seier Ansnes.



Den store redaktørjakta

– Eg saknar grøftekantjournalistikken til Driva, seier TK-redaktør Tore Dyrnes.

– Det at journalistane berre stoppa opp og slo av ein prat, gav svært nære og gode møte med kvardagsmenneske. Det var ein verkeleg styrke ved avisa.

Lars Steinar Ansnes har ei tidleg, personleg erfaring med fenomenet:

– Bror min og eg sto og måla ein husvegg på Kvendbøen ein sommardag i 1972. Da kom Einar Sæter kjørande, stoppa og spurte om han kunne få ta eit bilde av oss. Ole Magne og eg blånekta, og begynte å rusle unna. Sæter ville ikkje gi seg så lett, og kom etter. Han visste ikkje at han sprang etter to framtidige redaktørar i Aura Avis og Driva!