Sterke protestar etter sensasjonelt fiske:

– Stans giftaksjonen i Driva!

Det fantastiske fisket i Driva viser at laksen er i ferd med å bli resistent mot gyro. Da må planen om fiskesperre og giftbehandling leggast bort, meiner fiskarar, elveeigarar, politikarar og miljøvernarar. Men Direktoratet for naturforvaltning held fast ved strategien.
Nyheter

Det er laksefeber i Driva; fisket har ikkje vore betre på rundt 40 år. Rundt 15 tonn Driva-laks kan vera landa til no i sommar, medrekna notfisket i fjorden. Dette har fått debatten om dei planlagte aksjonane mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris til å blusse opp. Kombinasjonen av fiskesperre og giftbehandling skal utrydde både laksen og parasitten, før ny laks blir sett ut.

– Galskap! Elva er svært produktiv; vi ser mengder av yngel og smolt, seier Driva-veteranen Erik Smiseth.

– Undersøkingar fortel at det nesten ikkje finst lakseyngel i Driva. Det må vera andre årsaker til det gode fisket i elva, for eksempel svært gode forhold i sjøen. Fisket er generelt godt i Midt-Norge i år, seier seniorrådgivar Jarle Steinkjer i Direktoratet for naturforvaltning (DN).

– Situasjonen i Driva er gledeleg og uhyre interessant. Dette kan utløyse ein ny debatt om metodane i gyro-kampen. Kan naturen sjølv ordne opp? Ingen ting ville vore betre, seier fagleiar Arnodd Håpnes i Norges Naturvernforbund.



– Øydelegge?

Driva og Litjdalselva var truleg dei første lakselvene i landet som vart smitta av gyro. Allereie i 1975 vart parasitten, som tar livet av laksungar, registrert i Driva. Sia har det vore mange svarte år for laksen i elva. Dei seinare åra har vist ein framgang, og i år har fisket nærmast eksplodert. Det er truleg tatt rundt 7000 kilo laks allereie, like mykje i ei einsleg not i fjorden, og alt tyder på at 2012 blir det beste året sia tidleg på 1970-talet.

Mange meiner dette er eit nytt, tungtvegande moment i debatten om utrydding av gyro i Driva. Ein av dei er lokalpolitikar Erling Outzen (SV). Han var ein av fem i kommunestyret som stemte mot reguleringsplanen for fiskesperre i elva under junimøtet.

– Dei som er for rotenonforgiftning av elva må tenkje seg om ein gong til etter dette. Skal dei verkeleg øydelegge dette her, spør Outzen.

– Dessverre ser det ut til at styresmaktene og miljøbyråkratiet har bestemt seg ein gong for alle. No er det vårt ansvar å seie frå om at vi er ueinige. Det er Sunndal kommune si plikt og rett å nytte alle høve til å seie frå.

Det er Outzen sitt parti som styrer det ansvarlege departementet i gyrosaka, Miljøverndepartementet. SV sin talsmann i miljøsaker, stortingsrepresentant Lars Egeland, seier at saksområdet enno er ferskt for han.

– Men eg skjønnar at det gode fisket i Driva reiser relevante spørsmål, og skal sjå fordomsfritt på dette.

– Synsing frå DN

Erik Smiseth har fiska i Driva i 40 år. Han blir provosert over påstandane om at det knapt finst lakseyngel i elva.

– Seinast i dag såg eg ein stim av lakseyngel. I vår var vi mange som såg store flak av smolt på veg ut fjorden. Driva er høgproduktiv, og fisket er fantastisk. Vi får laks i alle storleikar, frå 1 til 17-18 kilo. På ei einaste kilenot ute i fjorden er det tatt rundt sju tonn! Korleis er det muleg å påstå at Driva knapt produserer lakseyngel? Tilreisande fiskarar er sjokkerte over at all laksen i denne leva skal drepast. Eg snakka med ein danske og ein austerrikar i dag; dei nekta å tru at det er sant, seier Smiseth.

Han har sjølv tatt 14 storlaksar i Driva i år, den største på 15 kilo.

– Dessverre har det gått prestisje i saka i DN. Eg er grundig lei av synsinga derifrå. I fjor hevda DN at det ville bli svært lite laks i Driva i år. Dei hevda også at det nesten ikkje var laks i elva, etter at ein dykkar hadde svømt nedover elva. Samtidig kunne vi som deltok i stamlaksfisket rekne 40 - 50 laksar i enkelte hølar, og gentesting viste at det dreier seg om ekte Driva-laks. No hevdar DN at fisket i Driva er så godt fordi det er eit godt lakseår i Midt-Norge! Nei, synsing har vi hatt meir enn nok av. Fasiten ligg her, seier Erik Smiseth, og peikar ut i elva.

Under siste årsmøtet i Sunndal jeger- og fiskerforening stilte han forslag om at foreininga skulle seie nei til fiskesperre og rotenonbehandling i Driva. Forlaget fikk berre fem stemmer. Sunndal JFF var sterkt imot rotenonbehandling i mange år, men har snudd. Smiseth hevdar at mange medlemmer er i tvil no, etter den sensasjonelle utviklinga i fisket.

– Folk må også gjennomskue bløffen om at rotenon er eit «naturleg middel». Blandinga som blir pøst ut i elvene inneheld berre eit par prosent rotenon, resten er sterke løysemiddel.

Blant motstandarane av gyrokampanjen i elva er også Driva elveeigarlag.

DN: Stø kurs

Jarle Steinkjer, seniorrådgivar i DN, har arbeidd med gyro i mange år. Han held fast ved at Driva er lite produktiv, at laksen ikkje har utvikla resistens, og at det gode fisket må ha andre årsaker.

– Men etter sesongen skal vi samanlikne fisket i Driva med fisket i andre elver i Midt-Norge. Da ser vi om utviklinga er i tråd med det vi ser andre stader, eller om det finst eigne utviklingstrekk i Driva. Gaula er ei elv som er naturleg å samanlikne med; den er nokså lik Driva.

Steinkjer seier at DN og regjeringa sin strategi står fast: «å utrydde parasitten i infiserte vassdrag hvor dette vurderes som realistisk og i tillegg minimalisere risikoen for videre spredning.»

– Gyroen kan spreie seg til andre elver. Da har vi eit evigvarande problem.

Driva er ei svært komplisert elv å behandle. Opp gjennom åra har det vore sett fleire datoar for ein giftaksjon. Kvar gong har aksjonen vorte utsett. Første steg i den noverande strategien er altså å byggje ei fiskesperre. Da skal mellom anna gyroen utrydde all laksyngel ovafor sperringa (der laksen ikkje får gytt), og dermed døy ut sjølv.

– Dersom det likevel er slik at laksen har utvikla ei viss motstandskraft mot gyroen, kan ein da vera sikker på at all laks ovafor sperringa dør?

– Laksen vil dø ut her uansett, fordi den smoltifiserer.

– Så du utelukkar at det kan utvikle seg relikt (ferskvasslevande) laks i Driva, som i Namsen?

– Ja, vi får ikkje relikt laks i Driva.

– Driva uhyre viktig

Arnodd Håpnes er fagleiar innan naturmangfald i Norges Naturvernforbund. Han ser annleis på situasjonen i Driva.

– Det er kjempeinteressant med så mykje laks i Driva og Sunndalsfjorden. Vi har sett at laks har utvikla resistens mot gyro, blant anna i Sverige. Skal laksen utvikle resistens, veit vi at det vil ta tid. Driva har vore smitta i nesten 40 år. Da er det uhyre spennande at fisket er så godt no. Dette må undersøkast nærmare. Vi må begynne å tenkje på ein revisjon av metodikken i gyrokampen. Kanskje vi ikkje skal drive med slik ekstrem forvaltning som bruk av store mengder gift i ei elv er.

Naturvernforbundet har tidlegare støtta fleire rotenonaksjonar.

– Vi er skeptisk til rotenon, men har akseptert det som ei nødløysing i ekstreme situasjonar, for eksempel i Steinkjervassdraget og den kommande storaksjonen i Vefsna. Men vi meiner DN har for lett for å seie «rotenon», og tru at det vil løyse alt. dessutan: Rotenonkampanjane sin suksess blir berre målt på tilstanden til laks, ikkje på resten av livet i elvene. Kva skjer med det? I kor stor grad blir økosystema endra? Kva når elver blir utsett for gjentatte giftbehandlingar? Vi veit lite om dette - men vi veit at rotenon endrar og forstyrrer økosystemet.

Håpnes peikar på at ganske mange rotenonaksjonar har vore mislykka.

– Derfor har vi vore veldig skeptiske, og etterlyst metodar som ikkje er så røffe. Aluminium såg lovande ut, men fungerer ikkje godt nok enno. Generelt er det jo frykteleg vanskeleg å fjerne ein ny art frå naturen når den først har etablert seg. Vi ønskjer å utfordre forvaltninga til ein ny diskusjon om gyrostrategien, seier fagleiar Arnodd Håpnes i Norges Naturvernforbund.

Sperre stenger

Det er usikkert når fiskesperra i Driva blir bygd, fordi prosjektet er avhengig av store statlege løyvingar. Sperra, som er planlagt ved Snøvasmelan rundt to mil oppe i elva, vil truleg bli ståande i minst seks år. Da reknar ein med at gyroen ovafor sperra er utdøydd.

Strekninga nedafor sperra skal behandlast med eit kjemisk middel, truleg rotenon. Elva vil bli stengt for fiske i fleire år etter behandlinga, i påvente av ei eventuell friskmelding. Til saman vil Driva bli stengt for fiske i minst ti år.

Ein del av strategien til DN i Driva er å redusere laksebestanden mest muleg før behandlinga startar. Derfor er fisketida for kilenot kraftig utvida i Sunndalsjorden i år, og er meir enn ein månad lenger enn elles på Nordmøre. Det er heller ikkje nokon kvote for sportsfiske etter laks, i motsetning til i alle elver det er naturleg å samanlikne Driva med.