Jerven herjar i Grasdalen

Årets sauesanking starta rekordtidleg og er ikkje heilt avslutta, men alt no kan sauebonde Steinar Wirum på Ålvundeid fortelje at det for hans del ligg an til å bli eit tap i år på om lag 45 dyr.
Nyheter

Under sauesankinga i Grasdalen sist helg vart det funne to jervdrepne lam. Onsdag var Wirum ein ny tur i Grasdalen for å henta ned nokre etternølarar. Da Driva var i kontakt med han undervegs, kunne han fortelje at han var på veg ned igjen med seks sauer til. Wirum har håp om at det kan vera muleg å finne enda nokre fleire, men at tapet i år kjem til å bli stort i år kan allereie no slåast fast – truleg på rundt 45 dyr. At havørna og no begynner å gjera seg gjeldande i innlandet fekk Wirum ved sjølvsyn slått fast onsdag. Da flaug det nemleg opp ei stor havørn frå eit lamkadaver på kloss hald.

- Dette er heilt fortvilt, seier Wirum, som tel på knappane om det kan vera muleg å halde fram med sauedrifta. Dersom det ikkje skal kunne gå an å bruke eit så framifrå sauebeite som det er i Grasdalen også i framtida, da er det noko som er riv ruskande gale!Og Wirum veit kva han talar om. Opp gjennom åra har han hatt mange tilltsverv innanfor landbruksnæringa, og han har nytta dei anledningane han har hatt for å kunne legge til rette for ei bærekraftig landbruksnæring også i framtida. Steinar seier det slik: – Den dagen eg ikkje lenger er i stand til å seie det eg meiner når eg deltek på eit møte, da har eg ikkje noko der å gjera.Garden Virum har eit av dei finaste beiteområda for sau som tenkast kan. Setringa i Grasdalen slutta i 1939 – deretter vart det om somrane slept eit sekstitals lagsoksar frå heile fylket og deler av Trøndelag i dalen. Deretter rådde bekrane grunnen der nokre år. I 1965 begynte dei å sleppe sauene oppi der. For sauedrifta kan gjerdeproblematikken ofte vera eit problem – men i Grasdalen er det ikkje slik. Dalen er omkransa av høge fjell og der oppe er det topp beitemark – noko namnet skulle tilseie. Vatn frå breene sørger for for rikeleg fukt i jorda – også i tørre somrar. Ikkje alle veit det, kanskje – men Grasdalsbreen er den største i fylket med eit areal på om lag sju kvadratkilometer.

Steinar fekk alt som gutunge eit godt og nært forhold til Grasdalen – og no i seinare år år har det det fort vorte ein 20-30 turar dit kvar sommar for å sjå om beitedyra. Rekna frå Gresjosanden og oppover er det fem – seks kvadratkilometer beiteland, og i riktig gamal tid var det ikkje mindre enn fire setrer her.

Tap

Wirum har detaljert statistikk over tap av sau på utmarkebeite heilt sidan 1982, og utviklinga dei seinare åra er ikkje akkurat triveleg lesnad. I 2001 kom dei første dokumenterte tapa grunna jerv. – I år mista vi dei fire første lamma allerede på innmarka i juni. Her var det ørnen som var syndaren. På Opdøl vart ein ungørn teken på fersk gjerning under angrep på eit lam av ein observant bilist på same tida, seier Wirum. Sidan 2007 er det sju vaksensauer og heile 115 lam som er bortkomne på sommarbeitet i Grasdalen.

-Våren kom seint i år. Første pulje vart sleppt i Grasdalen 6. juni og den andre den 20. juni. No siste helg såg vi oss nøydd til å hente sauene ned igjen – så dermed vart det ekstra kort beitesesong i fjellet i år grunna jervplaga.– Tidlegare gledde eg meg for kvar tur til Grasdalen – det var ei oppleving å sjå lamma hoppa og spratt på stive føter. Slik er det dessverre ikkje lenger, seier Wirum. No kvier eg meg for kvar tur – veit aldri kva som møter meg. Det er tungt å finne att sundrivne lam som eg har vore med og hjelpt til verda. Mange bruker berre nummer i staden for namn på sauene no for tida. Slik er det ikkje på Virum. Namn som Bjørgo, Kalla, Justina og Virppi kling godt. For seks – sju år sidan var det eit tikslam som som fekk namnet Celina – som du kan skjønne var ikkje ho akkurat støgg, seier Steinar med eit lurt glimt i auget. Dessverre gjekk det ikkje så godt med Celina – ho fekk jurbetennelse etter å ha mista lamma, noko som er ganske vanleg.I år har han funne to sauer som har krepert av jurbetennelse – sannsynlegvis fordi dei har vorte fråtekne lamma.

Rovdyrforliket

Wirum har sine klåre meiningar om rovdyrforliket. Det er tydeleg at politikarane har kvar sine fortolkningar av dette. Han tidlegare gått ut med knallhard kritikk mot tidlegare miljøvernminister Erik Solheim som var mest oppteken av utlandet og i si tid overlet rovdyrpolitikken til statssekretær Heidi Sørensen. Dette førte i følgje Wirum til at tiltak vart trenert i samråd med direktoratet. Han meiner det kan sjå noko lysare ut no – men etterslepet etter Solheim og Sørensen får vi slite med enda ei stund. Wirum oppfordrar politikarane til å følgje opp forliket og sjå til at vedtaka blir fulgt opp. – Eg for min del er lei av festtalar og tomt prat om kulturlandskap som gror att, slår Wirum fast med ettertrykk. Det er ei stor skam at vi ikkje sjølv kan produsere lammekjøtt til eige forbruk når vi ser dei beitemulighetene som finst.

At så mange saueeigarar allerede no ser seg nøydd til å hente heim sauene er berre trist. Minst tre veker på prima fjellbeite går tapt. Det er ikkje på ekrene sauene høyrer heime. Når dei kjem ned, må dei mellom anna behandlast mot diverse innvollssnyltarar. Slike plager er dei forskåna for i fjellet.

---- Wirum klarer ikkje å halde seg frå å lange ut eit spark til diverse stortingspolitikarar: – Mange av dei kunne hatt godt å få oppleve matmangel. Men det er neppe på stortingskantina ein kjem til å få oppleve det først, for å sette det på spissen, humrar Wirum.

Når han er først er inne på dette med stortingspolitikarar, så ønsker Wirum å rette ein honnør til Sunndals representant, Tove-Lise Torve. – Ho har verkeleg lagt seg i selen og ønsker å sette seg inn i og målbera dei problema vi i distrikta strir med, seier Wirum. Men "en enslig svale gjør ingen sommer", som kjent. Berre så synd at Tove-Lise havna minst ein plass for langt bak på lista til det komande stortingsvalget. Men betre er vel ikkje å vente, når ein kjem frå denne delen av fylket.