– Ein av våre største prestasjonar

Eit svært ungt Sunndal-lag vann laurdag 2-1 borte mot Larsnes/Gursken, etter scoringar av Jonas Tjugum og Are Olsen.
Nyheter

Med spelarar som Tor Erik Torske, Ståle Rønningen, Eivind Lervik, Vegard Furu Øie, Thomas Grødal og Øystein Reiten utilgjengelege, var det eit ungt Sunndal-lag som laurdag gjesta Larsnes/Gursken. Totalt spelte to spelarar fødd i 1994, to fødd i 1995 og heile tre fødd i 1996.

I første omgang opna heimelaget best på Larsnes stadion. Sunndal var på si side farlege på kontringar.

– Det verka som om vi var litt prega av alvoret i starten, sidan vi hadde såpass mange unge spelarar, fortel Sunndal-trenar Egil Ruud.

Sunndal kom likevel raskt inn i kampen igjen, og etter 12 minutt heada Jonas Tjugum inn eit frispark frå kaptein Torgeir Ruud Ramsli, og dermed var raudtrøyene frå Nordmøre i føringa.

Om lag ti minutt før pause utlikna Larsnes/Gursken, med eit mål sunndalingane meinte aldri skulle vore godkjend.

– Vi meiner det er ein klar offside på målet deira, seier Ruud.

Farlege på dødball

I andre omgang starta heimelaget offensivt, men utan å skape veldig store sjansar. I staden får Sunndal eit nytt frispark, og Are Olsen headar ballen ned til Erik Ruud Ramsli. Han vert lagt i bakken, og dermed får Sunndal straffespark. Det set Are Olsen i mål, og dermed står det 2-1 til gjestane frå Sunndal med 20 minutt igjen å spele.

Ikkje lenge etter ligg ballen i Larsnes/Gursken-målet igjen, etter at Are Olsen gjer som stopparmakker Jonas Tjugum, og headar eit frispark frå Torgeir Ruud Ramsli i nettmaskene. Dessverre for Sunndal vel dommaren å annullere scoringa - ei avgjerd trenar Ruud skildrar som høgst tvilsam.

At Sunndal-stopparane Tjugum og Olsen er farlege på dødballar har Larsnes/Gursken no merka seg, for ikkje lenge etter annulleringa kunne Are Olsen fort fått tildelt straffespark når han vert heldt i feltet etter nok eit frispark frå kaptein Ruud Ramsli.

Fleire mål vert det likevel ikkje, og eit svært ungt Sunndal-lag kan dermed juble for tre sterke poeng på bortebane.

Sunndal skapte sine største sjansar i kampen etter frispark frå Torgeir Ruud Ramsli. Det var ikkje tilfeldig, fortel trenar Ruud:

– Vi trente spesifikt på slike frispark på treninga fredag, for med hovudsterke spelarar som Are Olsen og Jonas Tjugum veit vi at det kan vere eit farleg våpen. Denne resepten å skulle slå Larsnes/Gursken på viste seg å fungere perfekt, for desse frisparka gav oss to scoringar, eitt straffespark vi vart snytt for og eit annullert mål.

– Unge, men gode

Ruud var ein svært fornøgd mann etter kampen:

– Dette var ein av dei største prestasjonane laget har gjort i mi tid som trenar, med tanke på det unge laget vi hadde i dag. Det er rett og slett fantastisk, seier Egil Ruud, og fortsett:

– Eg trur Larsnes/Gursken var sikre på å slå oss då dei såg lagoppstillinga vår, og dei kommenterte til meg at vi mangla manga. Då svarte eg at "Ja, spelarane er veldig unge, men dei er veldig gode og". Det viste dei verkeleg i dag.

Petter Blekken Melkild fekk sin første A-kamp frå start mot Larsnes/Gursken, medan dei tre 1996-modellane Brage Hauglann Talgø, Erling Fredriksen og Ørjan Nes Haugen alle debuterte for klubben sitt A-lag.

– Alle unggutane våre klarte seg veldig bra, og dei yngste av dei var faktisk på si aller første trening med A-laget så seint som på fredag, seier ein imponert Ruud.

Etter sigeren ligg Sunndal no på 3. plass, med 35 poeng på 18 kampar. Måndag kan dei verte passert av fjerdeplasserte Herd, dersom dei klarar å vinne sin kamp, borte mot Hødd 2.



Kampfakta:

Larsnes/Gursken - Sunndal 1-2 (1-1)

Mål:

0-1 Jonas Tjugum (12. min)
1-1 Preben Sætre (36. min)
1-2 Are Olsen (70. min)

Gule kort: Petter B. Melkild, Kristian Danielsen og Brage H. Talgø, Sunndal. Tre til Larsnes/Gursken.

Sunndal stilte følgjande lag:

Kristian Tjugum – Petter B. Melkild (Ørjan N. Haugen), Are Olsen, Jonas Tjugum, John Solbakk – Andreas Hustad, Torgeir Ruud Ramsli, Kristian Danielsen (Brage H. Talgø) – Erik Ruud Ramsli, Ola Ruud Ramsli, Erik Rudi (Erling Fredriksen).



Les meir om kampen i Driva på måndag