Kva mat skal vi ha?

Bevisstgjering eit nøkkelord

Vel 50 møtte fram til Driva-debatt i Svorkasalen og fekk med seg innlegget frå Mikael Forselius. 

Mikael Forselius, Jakob Bjerkem, Gunnar Waagen og Nina Kolltveit Sæter sat i panelet. 

Nyheter

Redaktør Sigmund Tjelle ønskte velkomen til den tredje Driva-debatten og understreka at Driva ønskjer å vere ein positiv medspelar i Vårsøghelga.

Rundt 50 publikummarar var samla rundt borda - litt fleire for kvart år altså.

Driva-debatten i år tok for seg framtidas mat og lokal matproduksjon med Mikael Forselius som sterk innleiar og som tok for seg mange aspekt ved norsk matproduksjon.

Han er klar på at vi rett og slett betaler for lite for maten i Norge, ikkje i kroner og øre, men i prosent av det vi tener.

- Det er viktig å ta ut gode prisar på maten i dei åra tilhøva for å dyrke den gode maten er til stades, seier han og trekkjer parallellar til fransk vinindustri, der visse vinar rett og slett ikkje blir produsert dei åra tilhøva ikkje ligg til rette for det.

Han har meiningar om norsk landbrukspolitikk der ein kan driva konkurranseutsett kommersielt landbruk i dei områda det er grunnlag for det. Men i utkantane der ein må drive landbruk basert på ein heilt annan kultur, må også støtteordningane ta høgde for dette.

Forselius etterlyser ei haldningsendring hos Tine med tanke på sentralisering og nedlegging av små meieri i utkantane som produserer utmerkt mat.

- Kvifor skal all osten av ein type ha same farge? spør han.

Han oppmodar forbrukarane til å ta makta - å fortelje butikkeigaren kva vi ønskjer. Om mange nok ber om det, blir det lagt merke til.

Han peiker på at det er daglegvarekjedene som i staden styrer kva vi skal ha av mat, og då blir vi påprakka mat vi rett og slett blir sjuke av.

Etter innlegget til Forselius, kalla ordstyrar Svein Sæter saman panelet med Forselius, Tingvoll-ostgründer Gunnar Waagen, styreleiar i Bondens marked, Jakob Bjerkem og styremedlem i Tine, Nina Kolltveit Sæter.

Kolltveit Sæter blir spurt om Tine eigentleg ikkje ønsker slike initiativ med lokale osteprodusentar. Dette avviser ho og seier at Tine heiar på alle slike initiativ, og er garantisten for at slik produksjon skal vere muleg i Norge.

Poenget er at Tine tek imot mjølka som ikkje blir bruka i osteproduksjonen og hjelper også til med å distribuere ost frå småskalaprodusentar.

- Tine er sikkerheita for mangfaldet i norsk matproduksjon, seier ho.

Gunnar Waagen er samd, og understrekar at Tingvollosten ikkje hadde vore muleg å få til utan Tine.

Jakob Bjerkem meiner framtidas mat er lokal mat, og om alle offentlege instansar hadde bruka lokal mat, ville dette ha auka sysselsettinga i landbruket og i beslekta næringar med det tredobbelte.

Bjerkem driv økologisk matproduksjon og minner om at 50 prosent av nordmenn slit med magen, 80 prosent av amerikanarane. Kvifor?

Noko av grunnen er kveitemjølet som han meiner ikkje er mat for folk lenger sidan det inneheld altfor mykje gluten.

- Det er dyrt å kjøpe billeg mat, seier han og meiner med det at det aukar rekninga til helsetenester.

Svein Sæter spurte Gunnar Waagen - kvifor vil folk ha Tingvollost?

- Det har vel med opphav, ektheit og historie, meiner Waagen og dreg fram nordmørsk klima og jordsmonn som kriteria for å kunne produsere god ost av mjølk frå eit grovfôrbasert hustdyrhald.

Sjølv om Nina Kolltveit Sæter peiker på at det ikkje er dokumentert at økologisk mjølk er betre enn konvensjonell mjølk. Det vil alltid vere naturlege variasjonar innad blant produsentar av økologisk mjølk såvel som blant produsentar av konvensjonell mjølk.

Det er uansett stor semje i panelet om at vi betaler for lite for maten, at daglegvarekjedene har for stor makt til å påverke kva vi skal ete, og at vi har helsemessig gevinst av å ete sunnare.

Det er også semje om at vi må produsere mat lokalt alle stader i landet for å få det mangfaldet av matvarer vi treng.

Fleire spørsmålsstillarar i salen kom inn på eit viktig poeng - kva er vitsen med å sitje og diskutere dette i eit forum der alle er einige, og kva kan vi gjere for å gjere folk flest medvetne om viktigheita av lokal matproduksjon. Elles vart det bemerka at maten er for billeg når vi kastar 50 prosent av maten vi kjøper.

Gudmund Husby minte om at 80 prosent av alle nordmenn er urbane, og til og med i jordbruksbygda Surnadal  er det mange ungar som ikkje veit kva ein traktor brukast til.

Det vart spurt om ikkje Tine har eit stort ansvar for å bidra til slik bevisstgjering, noko Nina Kolltveit Sæter sa seg samd i.

Ho minna også om at dei driv kampanjar som skal medverke nettopp til dette. Ho viser til bilde av lokale gardbrukarar på mjølkekartongen samt ein reklamevideo på tv der Tine understrekar at dei først og fremst består av mange små bønder.

Dette med bevisstgjering er nok eit langt lerret å bleike, noko vi lett ser når vi les kommentarfelta under innlegg i landbrukspolitikken.