Norges Handikapforbund har gjort ei undersøking som viser at 32 prosent av skulane i Møre og Romsdal har betydelege manglar for funksjonshemma. Det kan vere trapper, tunge dører og toalett som ikkje er tilrettelagt.
– Det viser at utviklinga har gått altfor seint på skulane i fylket. Det burde ha vore eit unntak at skular i dag hadde slike manglar, seier Per Einar Honstad til NRK Møre og Romsdal. Honstad er regionleiar i handikapforbundet.
Nokre skular utmerkjer seg positivt. Sunndal ungdomsskule er ein av dei.