Sunndal stod med 6-0 over Stranda og 7-0 over Hødd 2 i dei to siste heimekampane sine før Brattvåg kom på besøk til Sande stadion laurdag. I tillegg tok Ole Sveen sitt mannskap ein imponerande bortesiger over Averøykameratene (AK) i førre serierunde.

Trenaren hadde difor tru på tre nye poeng mot Brattvåg:

– Sjølv om det ikkje blir nokon enkel kamp, går vi alltid for tre poeng på heimebane, sa Sveen etter kampen mot AK.

Marerittstart

Dessverre for sunndalingane var det Brattvåg som kom best i gang laurdag, og berre fire minutt ut i kampen sørgja Fredrik Johnsen for 1-0 til bortelaget.

Vondt vart til verre for Sunndal snaue ti minutt seinare, då Thomas Aarsund la på til 2-0.

Sjølv om Brattvåg starta best, var Sunndal med i kampen for fullt, og etter om lag ein halvtime reduserte rutinerte Ståle Rønningen til 1-2 for heimelaget.

1-2 stod seg til pause, og dermed låg alt til rette for ein svært spennande andre omgang.

Bergsøy neste

Fire minutt etter kvilen dukka så Brattvåg sin svenske stjernespelar Carl Björck opp. Den tidlegare Djurgården og Sverige U19-spelaren raga høgst i lufta etter ein lang ball frå Emil Finnøy, og sette inn sitt 13. mål for sesongen. Björck scora to av måla då Brattvåg slo Surnadal førre helg.

Trass fleire gode mulegheiter til å score vart det ikkje fleire nettkjenningar på Sunndal, og dermed enda kampen med 1-3-tap mot ambisiøse sunnmøringar.

Neste laurdag spelar Sunndal borte mot Bergsøy, som tidlegare laurdag vann 1-0 borte mot Surnadal.

Kampfakta:

Sunndal – Brattvåg

Mål:

0-1 Fredrik Johnsen (4. min.)

0-2 Thomas Aarsund (12. min.)

1-2 Ståle Rønningen (32. min.)

1-3 Carl Björck (49. min.)

Sunndal starta med følgjande lag:

Thomas Ulvund Monsøy - Ola Ruud Ramsli, Christian Danielsen, Eivind Lervik, Sander Grimelid - Ståle Rønningen, Torgeir Ruud Ramsli, Andreas Hustad - Erik Ruud Ramsli, Erik Rudi, Erling Farstad Fredriksen.