Olsen og Jørgensen-orglet i Ranes vart vigsla og teke i bruk på gudstenesta 2.juledag anno 1914. Det er no 100 år sidan.

Øye og Ranes sokneråd vil markere dette med ein jubileumskonsert 6.juledag.

Dei  byr på følgjande:

Klokkar Sverre Hatle vil opne konserten med ein jubileumsprolog .

Eit nystarta ungdomskor «Young Voices»  og Tordenskjold Songlag med sin dirigent Elin Persson, deltek med flott korsong frå sitt julereportuar. Det blir solosong av Ingrid Ranes med tonefølgje  Elin Persson (mor) på piano.

Erik Moen syng  Nyårsverset frå Surnadal , Anders Larsen og Tove E.Strand framfører m.a. Juleverset frå Stangvik og Mitt hjerte alltid vanker frå Todalen.  Det vert kyrkjekaffe etterpå