SVEVA HØGT: Ann Kristin Bruset var mildt sagt "øver e vera" då ho saman med Ola Inge Sæther og Per Lyder Røv frå Norutbygg presenterte planane for det nye Surnadal Velværesenter. Foto: Magne Lillegård

Spinningamfi, klatrevegg på 9 meter, bootcamp, nye dusjanlegg og kaffekrok er noko av det nye som tilbys ved Surnadal Velværesenter saman med alt det andre av tilbod som senteret vidarefører frå dei gamle lokala. I tillegg viser det seg at lokala er godt eigna til utstilling av foto og anna todimensjonal kunst. Dette tenner Ann Kristin Bruset på og ser for seg det nye velværesenteret like mykje som eit opplevingssenter.

Ho fortel at i alt stresset for å bli klar til innflytting til torsdag, sette ho i gang ein dugnadsgjeng med å måle mellom vindauga inne i treningsrommet – i lysande oransje. Ingvar Sæther i Norutbygg fekk mest anfall då han såg det og forlangte umiddelbar stopp i målararbeidet.

– Han presiserte for meg at det var eg sjølv som hadde brukt ordet opplevingssenter, og det kødder ein ikkje med, fortel Bruset og må le litt av episoden.

Alt dagen etter var interiørarkitekten på plass i Surnadal.

– Eg tykkjer det er heilt fantastisk, å kunne starte opp i eit senter som heilt ut er utforma av ein interiørarkitekt, seier ho.

Starta i det små

Surnadal Velværesenter har vokse ut av det som i utgangspunktet fortona seg som romslege lokale i andreetasjen på Landbrukshuset. Det er ganske utruleg med tanke på at det heile starta med opprettinga av ei arbeidsgruppe på Landbrukshuset for å få på plass eit trimrom. Bakgrunnen for dette var at Landbrukshuset ville legge ned ein innsats for å bli miljøfyrtårn.

Vaktmeister Trygve Roaldset fortel at det heile gjekk litt over styr ved at fleire aktørar kom inn med idear om eit treningssenter, og det vart ganske fort klart at dei ville trenge nokon til å drive dette senteret. Ann Kristin og Ola Bruset tende på ideen og gjekk i gang med arbeidet.

Ut frå dette har det altså vakse eit senter som tilbyr treningsrom for styrke og kondis, pilates, spinning, zumba og ei rekkje med helsetilbod som fysioterapeut, naprapat, velgjerande massasje og råd om kosthald, trening og anna.

I nye lokale er vel klatreveggen og bootcampen det som utmerkjer seg samanlikna med andre treningssenter. Elles i opningshelga stiller ein masse instruktørar opp heilt gratis, og alle er velkomne til å trene – også det gratis.

Zumba for ungar

– Vi ønskjer spesielt ungar velkomne og køyrer i gang såkalla Zumbamix både for ungar og vaksne. Der kan til og med dei aller yngste vere med og kjenne på rytmen og røre på seg etter musikk. Du treng med andre ord ikkje barnevakt for å kome på opning, understrekar Bruset. Også klatreveggen har fått ei eiga klatrerute for barn, og alt av utstyr for klatreturen finst på velværesenteret.

Frå opninga torsdag kveld blir det servering av kaker. Mange har varsla at dei vil kome med kake, og Bruset ber folk kome og hjelp til å ete slik at dei ikkje brenn inne med store mengder kake i ettertid.

Massivt inntak av kake vil sjølvsagt gjere det ekstra påkravd med ein god dose trening etterpå. På heimesidene www.suvelsenter.no finn du timeplan for heile opningshelga.

Og for dei som ikkje har tenkt å trene, kan eit besøk i det nye velværesenteret ha mykje for seg likevel der dei kan sjå nærare på dei flotte lokala og kunsten på veggene. Utandørs gjer òg estetikken seg gjeldande, og ingen kan vel lenger hevde at vestveggen på Landbrukshuset er Surnadals styggaste fasade.