Venneforeininga til Rindal Skimuseum har hatt betydeleg aktivitet gjennom 2017 òg, og bidreg både med pengar og med å gjere skimuseet til eit levande museum.

Kari-Elin Bolme Løfaldli er avdelingsleiar tilsett ved Nordmøre Museum, og takkar venneforeininga for den innsatsen dei legg for dagen.

Så når det er årsmøte, står Rindal Skimuseum for arbeidet med servering og oppvask, slik at medlemmane i foreininga får "fri" denne kvelden – med unnatak av deltaking på årsmøtet.

Det har vorte tradisjon å servere risengrynsgraut med mandel – med marsipangris i premie.

I år var det avdelingsleiaren sjølv som fann mandelen og vart sitjande att med marsipangrisen.

Men det var mange som vart premiert denne kvelden, sidan museet delte ut gratislodd til alle med gevinstar nok til at dei fleste vann.

Årsmøtet konstaterer at venneforeininga har 105 medlemmar per 1. desember 2017 – meir eller mindre aktive.

Dei er ein fast gjeng der dei fleste er pensjonistar som stiller på treff kvar tysdag gjennom året, der det blir strikka Rindalsvottar og sokkar som suvenirar for museet, pussa messing og premiesølv og anna forefallande arbeid.

Ein av aktivitetane har vore å lage teppe til Nepal i ledige stunder.

Det ligg i vedtektene for foreininga at dei skal drive skuleformidling, noko dei begynner med på vårparten med tre tysdagar på slutten av skuleåret.

1.-, 2.-, 3.- og 4. klasse har vore med på aktivitetar som klesvasking, dra slipestein, sage- og hogge ved – og blåse såpebobler.

5. klasse var med på potetsetting på forsommaren, og same klassen – altså 6. klasse – var med og tok opp att potetene til hausten.

Potetavlinga vart blant anna bruka til å bake tynnlemser for sal under Rindalsmessa.

Fem heile dagar til ende var det lemsebakst, og ein produksjon på heile 630 lemser gjekk ut att på 45 minutt på messa.

Foreininga er aktive med ting som kan bidra til å få inn pengar til drifta av museet, blant anna ettermiddagskaffe om søndagane, grautdag i Kulturvøkku og potetnattvore.

Sal av Museumskalender er også ei viktig inntektskjelde.

I år har museumsvennene også hatt linåker, der plantene til hausten vart drege opp med rot og tørka under trøskelåven. Sidan var det dugnad på å binde bukettar for sal på Rindalsmessa.

Innbaka i årsmøtet for museumsvennene, var også årsmøte for Rindalskofta med årsmelding og rekneskap.

Dette er eit samarbeid mellom museumsvennene og Rindal husflidslag, og dei sto saman og selde garnpakkar på Rindalsmessa.

Til saman vart 15 garnpakkar seld på messa, noko ein er godt nøgd med.

Vi fekk også ein gjennomgang av prosessen for restart av Rindalskofta.

Anne Skjølsvold ved Skimuseet viste bildeserie av årets aktivitetar der vi fekk vere med på vårdugnad, besøk av skuleklassar med skuleformidling, av lemsebakst og hausting av lin, samt alt muleg anna dei har halde på med gjennom sesongen.

Skjølsvold viste òg bilde frå årets venneforeiningstur til Tingvoll museum.

Det må òg nemnast at Kari-Elin og Inga Dalsegg representerte museet ved utdeling av European Museum of The Year i Zagreb – der Skimuseet var nominert til pris.