Frå orkesteret si innleiing – ei sterk klangleg fargelegging av «Kaos» - blir vi trekt inn i hendingane frå dag til dag slik Første Mosebok fortel dei. Skapingsunderet fører fram til møtet med Eva og Adam i eit fullkome paradis.

Drama, skjønnhet, lovsong  - og ikkje lite humor! - vart i konserten formidla på tiltalande måte av solistane Berit Norbakken Solset, Magnus Staveland og Matthew Brook, Kristiansund Kammerkor og Festivalorkesteret - alt leia av Peder Rensvik.

Vakre melodiar og klangar som berre Haydn kunne skapa, gav oss ein smak av det fullkomne – tett opp mot eit musikalsk paradis.

Fyldigare konsertomtale kjem i onsdagsavisa.