Kulturavdelinga ved Surnadal kommune hadde begynt å tenkje på korleis dei vil markere Friluftsveka. Men så vart Norunn Holten merksam på alt som går føre seg i regi av frivillige organisasjonar.

– Det vart liksom feil av kommunen å lage til arrangement som konkurrerer med alt det andre som allereie er planlagt av friluftsaktivitetar i kommunen, så bestemte vi at vi heller får støtte opp om desse, seier Norunn Holten ved kulturavdelinga i Surnadal kommune.

Kommunen bidreg med annonsering og marknadsføring av eksisterande arrangement framfor å legge smør på flesk ved å dra inn eigne arrangement.

Ho presenterer noko av det som skal skje i veka frå 3. til 11. september, og har fått med seg leiar og nestleiar i Røsslyngen 4H i Bøfjorden, Benjamin Skålvik Rønning og Kristin Bøklep.

Røsslyngen 4H samarbeider med Surnadal JFF om fiskekurs for foreldre komande laurdag. Kurset går føre seg ved den flotte jordgamma til 4H på Mjøksanden i Åsskardfjorden.

I utgangspunktet held dei kurset for at foreldre skal lære seg å ta med ungane på fisketur både til sjøs og på fjellvatna, men 4H-ungdommane understrekar at det først og fremst er eit fiskekurs for vaksne, og at det ikkje stillast krav til å vere foreldre.

Kursleiar Åse Børset vil lære frå seg både sjølve fisket og det å vere ute i naturen.

– Dei som har eiga fiskestong, må gjerne ta med seg denne, men vi har òg nokre fiskestenger til utlån, seier Benjamin Skålvik Rønning.

I tillegg til fiske, inneheld også dagen flust av andre aktivitetar ute i naturen.

Natt til søndag er den årlege «Natt i naturen», og Røsslyngen og Surnadal JFF inviterer alle til å vere med og overnatte ute – enten i telt, i gapahuk eller under open himmel denne natta.

– Dette er vel den einaste organiserte «Natt i naturen» vi veit om i kommunen, men vi oppfordrar folk til å ta ei natt ute i friluft enten dei kjem til Mjøksanden eller finn seg andre stader å tilbringe natta, seier Norunn Holten.

Og søndag morgon gjeld det å vere kjapp til å rulle saman soveposen og kome seg til Todalen for å delta på Trollheimsmarsjen over fjellet til Ålvundeidet.

Marsjen har start frå Bordholmen søndag morgon og er eit samarbeid mellom Todalen IL og Ulvungen IL. Det vil bli organisert skyss frå Ålvundeidet til Bordholmen om morgonen og attende til Todalen om kvelden.

Torsdag kveld, 8. september, inviterer Bæverfjord IL til familietur og kveldsmat ved Svartvatnet med start i Bæverfjord på nordmarkssida av Bævra.

Torsdag 8. september tjuvstartar også Norsk Vandrefestival med kurs i lokalmat ved Saga Trollheimen hotell i Rindal. Basecamp er i år ved Igltjønna i Rindal, men Surnadal er også denne helga utgangspunkt for mange turar og aktivitetar i friluft.

Dei som ikkje ønsker å vandre så altfor langt, kan slenge seg med på motivasjonstur til den økologiske kjøken- og urtehagen til Solveig Haglund på Oppistua Øye. Aktiviteten er i regi av vandrefestivalen, og då må ein kjøpe billett for å delta.

Søndag 11. september kan du velje i fjellturar både for dei turvante og for dei ikkje fullt så turvante. Gøran Bolme er guide på turen til Snota – 1669 m.o.h. og dreg også med seg gitaren og held ein minikonsert oppe på toppen. Konsert på toppen av Snota er garantert ikkje noko du får oppleve ofte.

Arrangørane gjer merksam på at turen er krevjande, men lover at på toppen blir både mjølkesyre og halsbrann fort gløymt når ein får oppleve utsikta – sjølvsagt om vêret tillèt det.

Same dag inviterer tre ordførarar, Surnadal-ordførar Lilly Gunn Nyheim, Rindal-ordførar Ola Heggem og Halsa-ordførar Ola Rognskog, til søndagstur til Blåfjellet (766 m.o.h.) - av nokon kalla Halsas finaste fjelltur.

Turen tek 4–5 timar – utan for bratte opp- eller nedstigningar, men med fantastisk utsikt frå toppen. Turen er gratis for alle.

– Det er ganske fantastisk at frivillige lag og -organisasjonar kan by på eit slikt mangfald av friluftstilbod planlagt uavhengig av Friluftsveka. Så her fann vi ut at det er berre å henge seg på, seier Norunn Holten.

Ho oppfordrar folk til å støtte godt opp om arrangementa og kome seg ut i natur og friluft – både den komande veka og også vidare framover.