Landbruk Nordvest ropar eit varsku for grasproduksjonen i midtre, indre og høgareliggansde strøk i Møre og Romsdal. Isbrann har øydelagt ei rekkje engareal. Verst, i følge Landbruk Nordvest, er det i dei indre dalbygdene. Det er svært store areal som må såast på nytt. Dette fører til at alt tilgjengeleg såfrø snart er oppbrukt, noko som ikkje gjer situasjonen betre.

- For dei grasprodusentane som er råka er dette svært dramatisk. Hos somme er så og seie alt areal på garden sterkt skada, seier Jon G. Lied, avdelingsleiar rådgiving Landbruk Nordvest.

Landbruk Nordvest seier dei liknande problema langs heile kysten frå Rogaland til Trøndelag gjer at det vil vere stor etterspurnad etter erstatningsfôr. Truleg må det importerast mykje grovfôr.

- Slik situasjonen er no, vil Landbruk  Nordvest oppfordre til  ein kollegial dugnad; at grunneigarar og bønder som har  høve til å produsere meir grovfôr enn  dei sjølve har bruk  for, gjer det. For til vinteren vil det, i dei områda som er råka, bli behov for å kjøpe inn mykje grovfôr, seier Lied.