- Tryggare trafikk, kortare reisetid og betre framkome blir resultatet for folk og næringsliv, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at det i statsråd i dag er lagt fram forslag om utbygging og finansiering prosjektet på E136 i Møre og Romsdal.

Tresfjordbrua, i Vestnes kommune, vil føra til ei innkorting av E136 på om lag 14 kilometer. For trafikantar mellom Vikebukt og Helland blir innkortinga om lag 19 kilometer. Opninga av brua skal etter planen skje sommaren 2015.

Dette delprosjektet omfattar bygging av 2,8 kilometer ny veg, medrekna bru og sjøfylling over Tresfjorden mellomVikebukt og Remmem (Helland). Brua blir om lag 1290 meter lang med ei vegbreidd på 8,5 meter. I tillegg vil det bli lagt ut om lag 700 meter med sjøfylling, der ein nyttar stein frå anlegget E136 Vågstrandstunnelen. Gang- og sykkelvegar inngår òg i delprosjektet. Det er dessutan føresett å bruka i alt 20 millionar kroner til mellom anna trafikksikring langs dagens E136 rundt Tresfjorden.

Vågstrandstunnelen, i Rauma kommune, vil redusera faren for skred og gi betre framkome og tryggare trafikk. Delprosjektet omfattar bygging av tunnel og 1,2 kilometer tilstøytande veg. Tunnelen blir om lag 3,6 kilometer lang med ei samla breidd på 9,5 meter, og han vil gå vestover frå den eksisterande Måndalstunnelen til Våge. I tillegg kjem omlegging av lokalvegar og bygging av gang- og sykkelvegar. Trafikkopning for tunnelen er planlagt innan årsskiftet 2014/2015.

Dei samla kostnadene for dei to utbyggingane er rekna til i alt 1.250 millionar 2012-kroner.

I tråd med lokale vedtak vil utbygginga av Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen bli finansiert ved ein kombinasjon av statlege midlar og bompengar.