Ein kan gå, sykle eller ro med «Hjelmkonnå» til kyrkja.

Åsskard sokneråd og Bøfjord Idrettslag har samarbeidd om dette tiltaket sia 1988. Turen til lands kan gå langs grusveg på sørsida eller i meir variert terreng på nordsida av fjorden. Gåande bør starte eit par timar før gudstenestetid.

Kyrkjebåten «Hjelmkonnå» legg ut frå Bøfjorden Småbåthamn to timar før messa tek til. Her er det plass og bruk for roarar. Båten har  til saman 14 årer, og høvedsmann Tore sannes utfordrar frivillige.

Det er også plass til nokre passasjerar. Kyrkjebåten ror ikkje tilbake etter gudstenesta, men bøfjordingar kan samordne bilskyss til heimturen.

I gudstenesta er det m.a. barnedåp for vesle Alva og takkoffer til kyrkja sitt misjonsprosjekt i Etiopia.

Det er saftpause i forkant og kyrkjekaffe i etterkant av messa.