Brannstasjonar rundt om i landet besøker barnehagar og held open dag i Brannvernveka. I år gjer dei ekstra merksam på brannfaren ved lading av mobil og datamaskiner.

Brannvernsveka 2016 har altså ekstra fokus på den store auken i lading av batteridrivne elektroniske duppedittar som mobil, pc og nettbrett.

– Lading av mobil medfører ikkje mange brannar prosentvis. Det er berre det at vi ladar eitt eller anna heile tida – og døgnet rundt, og samla utgjer dette vesentleg auka brannfare, opplyser Jon Nordvik ved Surnadal brannstasjon.

At alle - barn, unge og vaksne - har sine eigen mobil, medfører auka press på stikkontaktane i dei fleste heimar.

Straumleidningar som blir plugga i og teke ut att gong på gong, dag etter dag, slitest ut og gjer at det blir brannfarleg over tid. Nordvik tilrår å skifte ut mobilladaren med jamne mellomrom.

– Så sit vi ekstra mykje med mobilen på kveldstid, og så er vi tomme for straum i den tida vi skal gå og legge oss. Og det er nok mange rundt om som ladar mobil og nettbrett om natta, seier han.

Dette inneheld fleire usikre faktorar. Det kan ta fyr i sjølve ladaren eller leidningen til ladaren, men oppladbare batteri kan vere brannfarlege i seg sjølv. Det har oppstått brannar både ved at nettbrett, mobil og pc har teke fyr.

Og kor mange er det som tek ut kontakten til pc-en om natta?

– Då kan det gje litt tryggleik å montere røykvarslar over staden der du plar lade mobilen, seier Nordvik.

Måndag hadde Surnadal brannvesen ungar frå Bårdshaugen barnehage på besøk.

Jon Nordvik og Hans Christian Hårstad opna portane og viste fram brannbilar, redningsbilar og kva utstyr dei rår over når ulykka er ute.

– Men målet er sjølvsagt at alt dette utstyret skal stå i garasjen, ubrukt. Forebygging er den viktigaste delen av jobben, påpeiker Nordvik.

No går kanskje mykje av dette over hovudet på to- og treåringar, men brannvesenet held fram med å minne ungar og ungdommar på brannfarar og slokketiltak til dei går ut av ungdomsskolen.

I Brannvernveka besøker brannvesenet barnehagar rundt om i bygda – og tek imot besøk på brannstasjonen.

Og på laurdag er det open brannstasjon både i Surnadal, i Todalen og på Kvanne.

Mange brannstasjonar rundt om i landet har open dag komande laurdag. Brannvernsveka omfattar nemleg heile landet.

Og håpet er at om åtvaringane kan ligge litt høgt for barnehageungar, vil både eldre ungar og vaksne kanskje tenke meir på farane ved å lade mobilen.