Solveig Hindhammer kjem innom Drivaredaksjonen ein dag i desember med ei bok i hendene. Boka handlar om Peder Andreas Røsandhaug frå Nedre Slettet på Raudsand. Solveig har med seg Karl-Fredrik Bjørnson Aspelund-Raudsand (18) som medforfattar. Solveig og mannen Rolf Hindhammer har tidlegare gjeve ut ei historiebok om gruvebygda Raudsand. Der såg ho kor mange heimar det var i bygda i 1910 da AS Rødsand Guber vart etablert. Det var i dette arbeidet ho fann Peder Andreas Røsandhaug. Der fann ho ut at han skal ha reist heimanfrå da han var 12 år, og at han aldri kom att.

Peder Andreas var bror til oldemor til medforfattar Karl-Fredrik. Han kjente difor til noko av historia frå før.

Solveig skriv i forordet: «Vi treftest for å diskutere saka. Det var heilt ulogisk at det kunne vere sant at han aldri kom heim att. Vi bestemte oss straks. Dette måtte vi finne ut av, og dermed var leiting etter opplysningar i gang.

Samstundes tok vi med litt om slektsforholdet til sjølvaste Bjørnstjerne Bjørnson. Resultatet er denne boka. Vi har kosa oss med arbeidet. Det har vore spennande og morosamt. Vi trur sjøl at vi har funne svar på kva som skjedde med Peder Andreas Røsandhaug, skriv Solveig hindhammer i forordet til boka.

Vi overlèt til lesarane å finne ut kva forfattarane har funne ut. Boka, på 72 sider, er illustrert med mange lokale og historiske bilde som mange heilt sikkert vil sette stor pris på.