PAUSE: Fortent pause etter finalespelinga for Hans Olav Settem (t.v.), Sondre Skogseth, Stein Boge, Oddbjørn Sponås og Brage Kristian Einum.

Av 80 grupper frå heile landet som deltok i kvalifiseringsrundane, gjekk 20 vidare til landsfinalen på konsertstaden John Dee i Oslo. Med åtte minutt til disposisjon på scena, gjorde Hans Olav Settem (vokal/gitar), Stein Boge (gitar), Oddbjørn Sponås (trommer), Brage Kristian Einum (tangentar) og Sondre Skogseth (bass) i Batteri ein overbevisande innsats både musikalsk og visuelt søndag kveld. Publikum, mange av dei bransjefolk, og juryen belønna altså surnadalsgruppa med ein femteplass.

Vinnarane, Xinfu District frå Lillehammer, la heller ikkje skjul på at dei hadde stor sans for Batteri sin musikk og at dei kan tenkje seg ei eller anna form for samarbeid.

Neste prosjekt for det travle surnadalsbandet, som nyleg gav ut CD-en «Elementa», er innspeling av video til songen «Haustavind». Videoinnspelinga er ein del av premien som Batteri fekk da dei tidlegare i vinter vann konkurransen «Bandkrieg» i Trondheim.