Rådmannen i Surnadal ber formannskapet seie nei til søknad om støtte til tiltak for sikring og etterfylling av sprengt stein samt reparasjonar av dei skadane som har oppstått som følge av stormflo ved badeplassen på Einholmen i Bæverfjord.

Det er Einholmen Utvikling AS som søkjer om støtte på 90.000 kroner til formålet. Selskapet har eit hytteområde med badeplass som grensar til fjorden og elva Bævra i Bæverfjord.

Rådmannen begrunnar sitt nei med at kommunen har eit to-sifra antal utbyggarar av hytter og/eller hyttetomter i Surnadal.

- Å støtte ein enkeltaktør av desse for å få gjennomført eit forbetringstiltak slik det er omskrive i søknaden frå Einholmen Utvikling AS, vil føre til ei konkurransevriding mellom aktørane og såleis ikkje i tråd med vurderingskriteria, seier rådmannen i sitt framlegg.