– Vi køyrer store delar av kampen, men tapar til slutt fortent, seier trenar Asgeir Stavne.

Søndag spelte Surnadal heimekamp mot Averøykameratene (AK), og den starta på best muleg måte for surnadalingane. Etter berre fire minutt blir det nemleg litt klabb og babb i bortelaget sin 16-meter, og ved stolpen dukkar Snorre Larsen opp og sender blåtrøyene i føringa.

Dessverre vart gleda kortvarig for Surnadal, ettersom Even Gustad utlikna for bortelaget berre tre minutt etter 1-0-målet. 1-1 stod seg til pause.

Om lag ti minutt ut i andre omgang set Surnadal inn Lars Mogstad og Simen Engdal for Andreas Dalsegg Sæter og Trygve Buvik.

– Det var planlagt på førehand, sidan vi veit at Averøykameratene gjerne slit litt i andre omgang. Difor ønska vi å få inn litt meir fart, seier trenar Asgeir Stavne.

I staden for at Surnadal scorar, sender Vegard Ohrvik bortelaget i leiinga etter 71 minutt.

– Det første baklengsmålet er kanskje greitt nok, men før det andre har vi fleire mulegheiter til å klarere ballen. Vi gjev vekk altfor mykje rom, seier Stavne.

– Tapte fortent

Etter AK sitt andre mål køyrer Surnadal på for utlikning, og legg mellom anna om til 4-4-2. Trass fleire gode mulegheiter ville det seg likevel ikkje for surnadalingane.

– Vi kom oss framover og rundt på kantane, men når vi ikkje scorar på sjansane våre blir det vanskeleg, seier trenaren, som dermed måtte sjå kampen ebbe ut med 1-2-tap.

– Vi køyrer store delar av denne kampen, men gjev bort ballen altfor enkelt i forsvar, seier Stavne, som meiner Surnadal tapte fortent.

– Ja, i dag har eg lyst til å seie at vi taper fortent, for alt i alt er vi rett og slett ikkje dyktige nok i avgjerande situasjonar, seier han, og fortsett:

– Dei som ser på seier at vi spelar bra, men at vi slit med å sette sjansane våre i mål. Det gjer nok at vi byggjer opp litt frustrasjon i andre omgang av kampane våre.

– Grev oss ikkje ned

Med sigeren klatrar Averøykameratene heilt frå nedrykksplass til 6. plass på tabellen, medan Surnadal ligg nest sist, med berre Larsnes/Gursken bak seg på tabellen.

– Eg har sagt det før, men vi har framleis tru på det vi driv med. Likevel er det frykteleg vanskeleg for meg å forsvare at vi no har spelt seks kampar og berre vunne ein. Vi har rett og slett teke for få poeng, seier Stavne, som ikkje vil legge skulda på marginar.

– Med litt meir marginar på vår side hadde vi slått Volda, og hatt to uavgjortkampar til, men det er berre svada – det hjelper ikkje. Vi ser jo at vi gjer mykje bra, men og at vi slit. Slik er det, dessverre, seier trenaren, og legg til:

– Vi kjem likevel ikkje til å grave oss ned på grunn av dette.

Kampfakta:

Surnadal – Averøykameratene 1-2 (1-1)Mål:1-0 Snorre Larsen (4. min.)1-1 Even Gustad (7. min.)1-2 Vegard Ohrvik (71. min.)Surnadal stilte med følgjande lag:John Arvid Aamodt Husby – Håkon Bredesen, Vegar Brøske, Emil Ansnes, Trygve Buvik (Simen Engdal inn i 55. min.) – Dan Blekken, Andreas Dalsegg Sæter (Lars Mogstad inn i 55. min.), Stein Todalshaug, Snorre Larsen, Bjørnar Dalsegg Sæter – Helge Drøpping.