STOR STAS: Famntak tok bygda med storm laurdag. To nesten stappfulle salar tyder på at mange har venta på eit gjensyn med Trygve Brøske (frå venstre), Jostein Ansnes, Tone Søyset Døving og Anders Larsen. Foto: Rita Aarnes

Om det var oppladinga med bakels og graut frå Øksendalen som gjorde utslaget skal vere usagt. I alle fall var det fire musikarar i storform og eit like oppglødd publikum som møttest i Storstuå.

Jostein Ansnes, Trygve Brøske, Tone Søyset Døving og Anders Larsen hadde tydeleg gledd seg til reunion heime i Surnadal, etter at Svein Sæter lanserte ideen tidlegare i år.

I løpet av ein stor time, fekk publikum høre akkurat det dei hadde venta på. Og litt til.

Jostein Ansnes hadde sett tone til to dikt av Tiger Garté. I tillegg var det ein liten porsjon jul midtvegs i konserten, ein nydeleg innpakka versjon av folketonen "Et lite barn så lystelig" - nordmørsk så det held, den og.

Famntak har ikkje spela saman på rundt fire år. Den siste konserten dei heldt, var i 2006. Laurdag kveld var det mang ein lokal Famntak-patriot som fekk høyre nettopp sin favorittmelodi frå gruppa.

For dei var med, songane vi har høyrd før, men tydelegvis aldri blir lei:

"Poilla-Pe", "Gravøl e Merradala" og "E Slåttatæja" frå Hyldbakk si skattkiste av lyrikk, "Leirfivellandet" og "Fotefar" av Jørgen Gravvold, spesialskrive til gruppa av diktaren frå Bæverdalen. Og mange fleire.

Dei fire som ikkje hadde møttest sidan siste konserten, fekk fram godstemninga i Storstuå, og lykkast til og med i å få med seg salen på allsong. Ikkje verst, sjøl om det er julebordtid aldri så mykje...

Jostein Ansnes hadde i Driva på førehand antyda at desse tre konsertane i Surnadal og Sunndal (søndag), kan bli det siste vi høyrer frå Famntak. Men laurdag hadde pipa fått ein annan låt.

- Skal vi seie at vi treffest igjen da. Her i Storstuå? Om ei tid? spurde Jostein Ansnes, før gruppa runda av med "Kultursjå".

Svaret frå salen var ståande applaus. Noko som ganske sikkert betyr; JAAA, vi vil ha meir!

Les meir i Driva måndag.