FORNØGDE: Både initiaivtakar Jens E. Indergård og Aud Helgetun (til venstre) og Ingrid Løfald (til høgre) i Demensforeninga i Rindal var storfornøgde med konserten. Foto: Øystein Hjelle Bondhus

Publikum fekk ein flott forsmak på jula under adventskonserten i Rindal kirke laurdag kveld.

Høgdepunkta stod omtrent i kø under konserten, med sterke vokalprestasjonar heilt frå åpningssongen "Amazing Grace" til avslutningsnummeret "Mitt hjerte alltid vanker".

Av dei største høgdepunkta under konserten var 24 år gamle Liv Ingrid Nordlund sin versjon av "Bereden väg för Herran", duetten "The Prayer" med Nordlund og Kåre Bjørkøy, samt Toril Moe si famføring av Jo Ranheim sin song "Minner".

Etter konserten svarte tydeleg imponerte tilhøyrarar med ståande applaus for aktørane.

Konserten vart arrangert av aktørane i samarbeid med Demensforeninga i Rindal og Rindal kommune, og alle inntekter går uavkorta til Demensforeninga.

– Vi er kjempeglade for at så mange møtte opp, seier Aud Helgetun frå Demensforeninga i Rindal.

– Og konserten var så fin, det var nesten vanskeleg å halde tårene tilbake, seier ho, og får støtte av initiativtakar Jens E. Indergård:

– Eg hadde ståpels under absolutt heile konserten.

Les meir i Driva på mandag.