NYE BATTERI: Hans Olav Settem og Oddbjørn Sponås slo seg laus torsdag kveld. Dei unge surndalingane fekk æra av å opne konsertprogrammet under Vårsøghelga 2011. Foto: Steinar Hasselø

Det var Batteri som var øvst på plakaten torsdags kveld. Dei presenterte mykje nyskrive stoff og fem av låtane fanst også på ein EP som gruppa hadde spela inn i år. Batteri leverte, som vanleg, eit tett sett med eit trøkk som bles dei fleste overende.

Anslaget minte mest om den tidlege psykedeliske perioden til Pink Floyd. Andre låtar var nok meir inspirert av meir samtidige, som Kaizers Orchestra. Og da vokalist Hans Olav Settem la bort gitaren og slo laus på stortromma, vart det vanskeleg å lyge seg frå slektskapen med rogalendingane.

På slutten av konserten måtte Henning Sommerro stå til rette for diverse ”ungdomssynder”. Han og Batteri framførte to engelsk-språklege songar som lokale Tramps gjorde for eit halvt liv sia.

Så ville Sommerro ”ta ein eg ikkje tenkt å ta no, men eg tek den i staden for den eg tenkt å ta. Så tek eg etter den eg ikkje tenkt å ta den eg tenkt å ta”. Dermed vart det poillakarra før dei seks på scena avslutta med ”Bøverdalsrock”.

Sommerro hadde eit strevsamt program på torsdagen, med skulebesøk, opning av vårsøghelg og utstilling. Men det vil bli enno striare i dagane som kjem…