Kulturavdelinga i Surnadal kommune fortsett å trekkje eit gåvekort på 500 kroner blant Stikk UT!-deltakarane i kommunen i enda to månader, altså ut Stikk UT!-sesongen.

Stikk UT!-vinnar for august er no trekt, og gåvekortet denne månaden går til Britt Mossing frå Todalen.

Det var ein tur til Knyken som viste seg å få ekstra hyggelege konsekvensar for Britt. Vi gratulerer!

Alle personar som registrerer seg på Stikk UT!-sida med bustadadresse i Surnadal kommune, er med på trekninga.

Vil du bli med på trekninga for september, har du no fire veker med vinnarsjansar framfor deg!

Tidlegare vinnarar:

Mai: Roger Sæter.

Juni: Eunkyong Youn.

Juli: Karin Sunde.